Vårliv
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vårliv er eit dikt av Gunnar Rysstad. Det vart trykt i Hugsjå i 1896. Kirsten Bråten Berg framfører diktet på plata Min kvedarlund, det er spor 12 på plata. Melodien ho brukar er meir kjend i Telemark til Murukleiv-visa, hennar versjon med eit preg av spel og syngjemåte i Setesdal.
Vårliv
- Når dei blømande vollane anga'
- og når gauken han gjel i lid,
- å, ja, då er det herleg å ganga
- kring um bøen den solljose tid.
- Kor du ser, er det hoppande glede,
- Kor du snur deg, er kvitrande song.
- Og småborni hauka og kveda
- og flaget det blikrar på stong.
- Ja, då er det herleg å anda
- i den vårfriske, unge natur;
- for alt er so rikt og so blanda,
- so skiftande kor du deg snur.
- Og venleik i alt vil oss gleda,
- og elsk me i alt tykkjest sjå.
- Og lukka til alt tykkjest kveda
- frå mannen til makken på strå.
- Ei solstund, ei solstund deg ventar!
- Ei solstund, ei solstund er di!
- Til gleda, til leik eg deg hentar
- blant blomar og fuglar i lid!
Kjelde
- Tekstheftet til Min kvedarlund side 7