Vårehei

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. oktober 2019 kl. 23:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vorehei er det svære heieområdet bak i biletet, litt til høgre frå midten.

Vårehei er eit heieområde i søraustre delen av Hornnes. Rundt heia ligg gardane Vestre Hodne, Haugland, Sutestad, Tønnesland og Moi. På nokre kart er namnet Våråhei. Namnet har nok samanheng med det norrøne ordet võrđr som tyder vern. Namnet er typisk for stader der det har vore vete i gammal tid.

I sør er Vårehei avgrensa av Lindåna som kjem frå Vålevatn og som renn gjennom Skranevatn og ut i Ærekilen. Langs Lindåna er det sterke merke etter mange gamle vegar. Den eldste er Dalemannsvegen. Kjørevegen frå rundt 1840 fylgjer den gamle vegen forbi Hodnekilen, men går på bru over Lindåna og rundt Ærekilen. Mellom Slettefet og Hornekilen er det ein veg som vart bygd under krigen, men aldri teken i bruk.

Sundag 26. mai 2013 hadde Evje og Hornnes sogelag tur i området.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...