Vårcupen 2015

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2018 kl. 07:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Sjå også: fjernet unødig lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det var litt av eit folkeliv på Evje stadion under cupen.

Vårcupen 2015 (Europris Vårcup 2015) var ei fotballturnering for jenter og gutar 8-12 år på EHbanen ved Evje stadion lørdag 18. april 2015. Arrangør var Otra IL fotballgruppa. Turneringsleiar var Pål Danielsen. Han hadde hjelp frå ein stor dugnadsgjeng på opp mot 100 personar for å få gjennomført arrangementet.

87 lag frå Valle i nord, Flekkefjord i vest og Grimstad i aust deltok. Det blei spelt 174 kampar frå klokka 0900 til klokka 1920. 698 spelarar var med. Det var meir enn dobbelt så mange som i 2014, då rundt 300 born spelte. Eit overslag er at omlag 1500 menneskje var innom Evje stadion denne dagen.

Det var fjerde året og femte gongen fotballgruppa i Otra IL arrangerte turneringa, som starta som ei lita miniturnering i 2012.

Sjå også

Kjelder

  • Leiar i fotballgruppa i Otra IL Geir Daasvatn
  • Kampoppsettet for turneringa

Eksterne lenker