Urdviki, storbrannen i 1859

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Urdviki med Storstraumen i framgrunnen
Foto: Reidar Tveito
Urdviksfjell. Bak trea skimtast Nesmoen som ligg nord for Bygland
Foto: Reidar Tveito

Urdeviki og den store skogbrannen i 1859 vart omtala i mange år etter at hendinga fann stad, kan hende mest av di også menneskeliv gjekk tapt under sløkkingsarbeidet. Jon K. Nordibø hadde ein artikkel i Jol i Setesdal om dette emnet i 1987.

Ein stor skogbrann

Sommaren 1859 var uvanlig turr, og i samband med vegarbeid på postvegen framom Urdviki, fata det eld i skogen. Ein veit ikkje sikkert korleis dette tok til, men brannen byrja frå vegen og spreidde seg raskt oppover fjellsida ovanfor. Her var det så bratt og vilt eit terreng at det var uråd å koma til med sløkkjing. Etter kort tid stod heile Urdviksfjellet i full loge. Ein reiknar med at sterk vestavind gjorde sitt til at brannen spreidde seg vidare til storskogen oppe på heia, og etter kort tid i vid breidde austover mot Jordalsbø. I samband med dette hadde Neri Pålson Nerhus sett ei bjørnebinne krype ut or hiet sitt og leggja på sprang med ungane sine for å kome bort frå varmen.

Det heiter at det brann i tri dagar og folk frå mange bygder kom til for å hjelpa med sløkkinga. Dei sprang med små trebyttor og anna, men det mona så lite sidan det var lite vatn i dette området og skogen knuskturr. Fortvila freista ein å hogga branngater, men det gjekk seint med øks og handemakt. Innan ein fekk rydda branngatene hoppa elden berre vidare.

Dødsulukke

Under arbeidet med branngater vart det felt eit tre som hadde kome i brann, og dette fall over Eilef Gunnarson Ryslid. Elden var nå på veg mot husmannsplassen Ryslid som var heimen til Eilef. Truleg har han difor vore så ivrig og uoppmerksom at han ikkje ensa det fallande treet. Den aldrande mannen på 71 år fekk så store brannskader at han døydde nokre dagar seinare.

Kyrkjeboka i Bygland

Dåverande prest i Bygland mellom 1841 og 1862, Andreas Ferdinand Møglestue, har omtalt hendinga i kyrkjeboka slik:

Husmand Eilef Gunnarson Røsselie, 71 år, død 3. august, begravet 8. august 1859. Hans død bevirket derved at et under den i Slutningen af Juli maaned Stedfindende Skovbrand brændende Træ faldt over ham.

Spor etter brannen

Brend stubbe frå 1859
Foto: Reidar Tveito
Brend stubbe og ny skog
Foto: Reidar Tveito

Bileta til høgre og venstre syner at ennå kan ein sjå spor etter denne skogbrannen meir enn 150 år etterpå. Restar av store tre, svartbrende av elden, vil nok ennå i mange år vitna om denne hendinga. Ein ser stubbane etter heile Urdeviksfjellet inn i mellom store friske tre som har vakse opp sidan.

Kjelde