Tour of Norway

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. mai 2022 kl. 20:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tour of Norway er eit norsk etapperitt i landevegssykling som blei arrangert første gong 1.–5. juni 2011. Rittet var i den første utgåva klassifisert som 2.2, og hadde deltaking frå kontinentallag, nasjonslag og norske klubblag, men rittdirektør Birger Hungerholdt hadde eit mål om at Tour of Norway skulle oppgraderast.

I september 2011 blei det kjent at rittet frå 2012 skulle oppgraderast til 2.1. Det innebar at inntil halvparten av laga kunne være WorldTour-lag, og at ingen amatørlag (bl.a norske klubblag) fekk stille.

I september 2013 vart det kjent at rittet frå 2014 skulle oppgraderast til 2.HC. Det innebar mellom anna at kun WorldTour-lag, profesjonelle kontinentallag og norske kontinentallag fekk delta.

I juni 2018 blei det kjent at rittet vart slått saman med Tour des Fjords.

I 2022 gjekk den 4. etappen i rittet gjennom Setesdal, med start på Hovden i Bykle og mål i Kristiansand.

Kjelder