Tour of Norway

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudfeltet forbi Hornnes 27. mai 2022, på den 4. etappen under Tour of Norway 2022.
Frå Iveland 30. mai 2019, under den 3. etappen av Tour of Norway 2019.
Foto: Geir Daasvatn

Tour of Norway er eit norsk etapperitt i landevegssykling som blei arrangert første gong 1.–5. juni 2011. Tour des Fjords AS er eigar og arrangør av sykkelrittet.

Rittet var i den første utgåva klassifisert som 2.2, og hadde deltaking frå kontinentallag, nasjonslag og norske klubblag, men rittdirektør Birger Hungerholdt hadde eit mål om at Tour of Norway skulle oppgraderast.

I september 2011 blei det kjent at rittet frå 2012 skulle oppgraderast til 2.1. Det innebar at inntil halvparten av laga kunne være WorldTour-lag, og at ingen amatørlag (bl.a norske klubblag) fekk stille.

I september 2013 vart det kjent at rittet frå 2014 skulle oppgraderast til 2.HC. Det innebar mellom anna at kun WorldTour-lag, profesjonelle kontinentallag og norske kontinentallag fekk delta.

I juni 2018 blei det kjent at rittet vart slått saman med Tour des Fjords.

I 2019 var den 3. etappen innom Evje, då etappen gjekk frå Lyngdal via Evje og Iveland til Kristiansand. I 2022 gjekk den 4. etappen i rittet gjennom Setesdal, med start på Hovden i Bykle og mål i Kristiansand.

Kjelder

Eksterne lenker