Torleiv H. Bjørgum

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleiv H. Bjørgum
Født: 25. mai 1921
Død: 9. februar 1990 (68 år)

Torleiv H. Bjørgum (fødd 25. mai 1921, død 9. februar 1990) var spelemann og kvedar. Han spelte også munnharpe. Han var og sølvsmed, og bygde opp SylvartunNomeland. Han overtok småbruket KåslandBjørgum i Hylestad etter far sin Hallvard T. Bjørgum i 1974, men budde på Rysstad (bnr. 106) saman med kona Helga G. Bjørgum (fødd Helle).

Spelemann

Som spelemann la Torleiv seg spesielt etter spelet til Knut Jonson Heddi. I stevkveding var han ein av dei fremste utøvarane i Noreg. Han var ein av dei få i si tid som meistra tradisjonelt setesdalsspel på munnharpe.

Torleiv H. Bjørgum var svært aktiv i arbeidet i Setesdal spelemannslag. Han var leiar i laget 1953–1955. Han var med i skriftstyret som stod bak utgjevinga av jubileumsboka til Setesdal spelemannslag 1930–1980. Boka kom i 1981.

Jol i Setesdal

I 1962 var han initiativtakar til Jol i Setesdal saman med Svein Hovet.

Familie

Foreldra til Torleiv var nemde Hallvard Torleivsson sr. og Helga B. Bjørgum (fødd Heimigard Rysstad). Folkemusikaren Hallvard T. Bjørgum er sonen til Torleiv. Torleiv og Helga hadde også dottera Liv Helga Brokke.

Heider

  • Aust-Agder fylke sin kulturpris 1971 for fortenestefull utøving av norsk folkekunst
  • Målprisen til Bygland Mållag
  • NRK sin Krystallvase
  • Ei rekke 1. plassar på lokale kappleikar og Landskappleikar, både i spel og kveding
  • Æresmedlem i Setesdal spelemannslag
  • Spellemannsprisen 1990 saman med sonen Hallvard i klassen folkemusikk/gammaldans for plata Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal

Litteratur

Kjelder

Eksterne lenker