Torkjell Arnfinn Frøysnes
Torkjell Arnfinn Frøysnes | ||
---|---|---|
Født: | 1938 (alder 85–86) |
Torkjell Arnfinn Frøysnes (fødd 1938) er pensjonert lærar og bur i Søgne saman med kona Torgun Elida Frøysnes (fødd Olsen).
Arnfinn, som han helst blir kalla, vaks opp på Frøysnes i Bygland. Han var lærar på folkehøgskule på Skarnes i sju år. I 1971 blei han tilsett som lærer ved Søgne ungdomsskule. Der var han til han gjekk av med pensjon.
Arnfinn overtok bruket Høgtun («Vesle» Nedgarden) (bnr. 3) på Frøysnes etter far sin Johans Torkjellson Frøysnes (f. 1895) i 1973. I 1976 blei han også eigar av Nedgarden (bnr. 5). Han kjøpte det bruket av farbroren Gunnar Torkjellson Frøysnes. I 1984 oveførte han begge eigedomane til sonen Øystein Frøysnes. Han og kona nyttar huset på bnr. 5 til bustad når dei er på Frøysnes.
Ved sida av sonen Øystein har Arnfinn og Torgun jentene Hilde (f. 1965) og Trude (f. 1972).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune. 2006, side 100