Torkjel Segberg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Torkjel Segberg
Født: 29. oktober 1936
Død: 2. november 2022 (86 år)

Torkjel Segberg (fødd 29. oktober 1936, død 2. november 2022) vaks opp på Heggtveit i Kleivegrend i Åraksbø og arbeidde heime den fyrste tida. Då han var 28 år, begynte han på Kristiansand Jernstøperi, men sidan fekk han seg jobb i Kristiansand kommune i Ingeniørvesenet, der han var i nærare 20 år. I 1967 gifta han seg med Gudrun Segberg, dei leigde ei stund hus i Kristiansand og Vennesla før dei bygde hus i Øvrebø. Han var med i Vennesla kommunestyre for Arbeiderpartiet, og han har og møtt i Bygland kommunestyre, i eldrerådet og kontrollutvalet.

I 1963 sette han opp hus ved barndomsheimen, og då han vart pensjonist i 1995, flytta han og kona dit. Som pensjonist har han engasjert seg i skogsarbeid, bygdesogearbeid og målsak.

Kjelder