Torjus Nilsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torjus Nilsen | ||
---|---|---|
Født: | 3. november 1867 | |
Død: | 26. juni 1889 (21 år) |
Torjus Nilsen (fødd 3. november 1867 i Bygland, død 26. juni 1889 i Evje) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje. Foreldra var husmannsfolk på Moi i Bygland. Faren var Nils Torjusson Pytten (1823–1910). Mora var Liv Olavsdotter Rysstad (1833–1893).
Torjus arbeidde for det engelske gruveselskapet H. H. Vivian, som leigde gruva i tiårsperioden 1884–1894. Han budde då på Haugen i Evje. Han omkom ved ei ulykke i gruva 26. juni 1889, då han datt ned frå ein stige. Fallet var på i alt fem meter. Det skjedde vel 20 meter nede i gruva. Det var ikkje livsteikn i han då han blei funnen. Dette er det første dødsfallet ein veit om i gruva.
Namnet til Torjus Nilsen står på Minnesteinen ved Flåt gruve.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 599
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 49
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 96