Toril Dale

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 12:25 av Siri J (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Toril DaleSymbol unrelated.svg
Toril Dale.jpg
Født: 7. februar 1950 (74 år)

Toril Dale (fødd 7. februar 1950 i Porsgrunn) er autorisert finansiell rådgjevar i Valle sparebank. Ho vaks opp i Fyresdal og budde der til ho var seks år. Då flytta dei til Kirkenær i Solør, der dei budde i to år før dei flytta til Røyknes ved Kristiansand, der faren arbeidde på Nomeland kraftsatsjon. Etter fem år flytta dei vidare til Nomeland i Hylestad, dit dei kom 1. desember 1963. Etter framhaldsskulen begynte ho på Hornnes Landsgymnas. Ho tok og husmorskule i Kvinesdal eitt år før ho gifta seg seg med Pål Dale i 1970.

Ho arbeidde på Nordibø landhandel før ho begynte på Valle alders- og sjukeheim 1. desember 1973. Der arbeidde ho fire år før ho fekk jobb i Valle Sparebank 1. desember 1977. Då hadde ho teke handelsskulekurs i Valle, der ho hadde banksjef Olav O. Rike til lærar. Etter at ho begynte i banken har ho teke bankfagleg utdanning på BI.

På fritida har ho vore aktiv i gardsdrifta på Dale, ført rekneskap, og vore leiar i overformyndariet i Valle sidan 1977. Ho har og vore medlem av kontrollutvalet i Valle kommune og medlem av styret i Valle Handel, men ho har og funne tid til å vere medhjelpar i Valle Radio, der ho er telefonvakt.

Kjelder