Tomas Daasvatn (1896)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 16:12 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune))
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomas Daasvatn (1896)
Tomas Målar Daasvatn.jpg
Tomas Daasvatn.
Foto: Privat
Født: 7. oktober 1896
Død: 18. juli 1977 (80 år)

Tomas Daasvatn (fødd 7. oktober 1896, død 18. juli 1977) var måler i Hornnes og Evje størstedelen av yrkeslivet sitt. Ved sida dreiv han småbruket Farmo i Hornnes saman med kona Berte.

Tomas vaks opp på småbruket KlevenØvre Dåsvatn, lengst nord i Dåsvannsdalen. Der budde han til han var 20 år. Han gjekk i målarlære i Kristiansand i 2-3 år, men tok ikkje fagbrev. Ei kort tid budde han på Hornnes. Der blei han kjend med Berte Flystveit frå Åseral. Dei var tremenningar. Berte og Tomas gifta seg i 1925. Første vinteren saman budde dei på Flystveit, der ho var komen frå. I 1926 flytta dei inn i Voilestø skulehusKjetså i Hornnes. I 1934 kjøpte dei eit jordstykke på ca. 10 mål av Gunnar Faret. På denne staden, som dei kalte Farmo, bygde dei seg hus og braut opp jord. Huset stod ferdig til innflytting hausten 1935. Her blei dei verande resten av livet.

Tomas og Berte hadde borna Jon Daasvatn, Anna Norveig Røste Fossen, Nils Dåsvatn, Arne Daasvatn og Øystein Daasvatn. Foreldra til Tomas var vegvoktar og småbrukar John T. Dåsvatn frå KlevenØvre Dåsvatn og Anna S. Dåsvatn (fødd Ose).

Kjelder

  • Torleiv Vika, Våre røter - Kleven, Øvre Dåsvatn, trykt hefte (privat), 2002