Tjovehedderen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2020 kl. 05:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Litt gruvedrift: lenkefiks koparverket)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjennom opninga i Tjovehedderen kan ein sjå riksveg 9 nede ved Byglandsfjorden.
Hedderen er lett å få auga på når trea er frie for lauv.
Foto: Reidar Tveito
Ytst ute er Tjovehedderen 12 meter høg og 15 meter brei.
Foto: Reidar Tveito
Hedderen er 30 meter djup, og stig bratt opp mot taket.
Foto: Reidar Tveito

Tjovehedderen er ei svær naturleg hole høgt oppe i fjellsida mellom Byglandsfjord og Neset Camping. Det er ein tydeleg og merka sti frå riksveg 9 og opp til hola. Stien er bratt men ikkje farleg å fylgje om ein har gode sko, og trør varsamt om det er blautt.

Korleis hola vart til

Ein trur havet ein gong har stade så høgt oppe som her, og at vind og bylgjer har slite ut laust fjell. Under istidene har nok også isbreen arbeidd med fjellsidene også her og gjort sitt til utforminga. Fjellet her er av ein slag som er utsett for naturleg forvitring, slik at sand, grus og stein har rasa ut og samla seg nedanfor hola. I samband med lune forhold i området har dette gjeve god voksterplass for varmekjære lauvtre. Desse dekker til den store opninga om sommaren, og løyner hola langt på veg. Grunneigar Olav Neset tynner ut denne skogen frå tid til anna for at folk flest kan få sjå hola nede frå vegen heile året.

Geologisk undersøking

Ein dansk geolog fekk for ein del år sidan lov til å grave etter spor frå tidlegare tider, og fann beinrestar etter gris, kyr og sauer, og fann òg ei bjørneklo. Slike naturlege fjellholer har husa folk gjennom alle tider, og gjerne tjuvar. Namn som Tjuvehola finn ein fleire stadar på karta.

Johannes Skar om Tjovehedderen

Johannes Skar budde i lengre tid på Neset, og er gravlagd på Årdal kyrkjegard i Grendi. Han har samla mangt av folkeminne frå Setesdal, og gav ut fleire bøker om dette, Gamalt or Setesdal. Om Tjovehedderen fortel han:

Det var tolv røvarar som heldt seg i Tjovehedderen i Årdal, ein av dei var Rasmus Pettersen. Dei stal buskap og alt dei fann, til sist stal dei ei jente or badstoga der ho tvo seg ein jolaftan. Dette var på garden Risdal. Ho var lenge i helleren, men ei jol skulle ho av og be seg. Då strødde ho erter etter seg heile vegen attende til helleren. Folk skjøna teiknet og samla seg. Dei kom fram til hola der fantane var drukne og kåte. Ei av kvinnene fantane hadde med seg, hadde nett fødd. Så støytte dei i henne brennevin og sa: De ska bake fenta for inna! De ska bake fantann’ for otta! svara bøndane og skaut dei. Men Rasmus Pettersen berre løyste sokkebanda, så flaug han over dei. Jenta vart berga, ho gøymde seg i helleren med ota stod på.

Lokale folkeminne

Skulelærar gjennom mange år på Byglandsfjord, Torleiv Bø, fortalde gjerne sine elevar om lokale folkeminne og segner, og hadde denne soga om Tjovehedderen:

Det budde ein kaupmann på Kaupmannsøya ute i fjorden utafor Neset, og han hadde så ven ei dotter. Så hende det ein gong at tjuvane oppe i hola rodde over til øya for å røve denne jenta, og dei tok henne med seg opp i berget.

Men ho kom seg fri att på om lag same måten som Johannes Skar fortalde. Kan hende dette er ein variant av same soga, eller at det er ei vandresegn?

Litt gruvedrift

Åraksbø koparverk kom i drift i 1845, trong ein eit spesielt mineral til drifta. Dette fann ein oppe i denne hola, og det var ein type sand kalla flusspat. Denne vart tilsett malmen under smelteprosessen som eit flussmiddel, eller flytemiddel. Slagget i malmen batt seg til denne sanden slik at koparen vart frigjord. Noko stor gruvedrift har det ikkje vore i Tjovehedderen, men ein kan sjå merker etter mining og sprenging rundt om. Flusspatten vart frakta i sekker på fjordisen om vinteren, opp til Åraksbø. Dei fekk også flussmiddel frå andre stader.

Turisttrafikk

Den tyske reisande C. W. Rieck gav ut ei bok i 1867, Skizzer frå Sætersdalen, og hadde ma. denne omtalen av Tjovehedderen:

-frå dette Sted maatte man have kunnet trodse en Armee. Selv Nutidens Armstrongkanon vilde Intet have kunnet udrette mod den Klippeborgs faste Sider, som disse Riddere af Landeveien efter Sagnet havde valgt sig.

Om turistattraksjonar på Byglandsfjord har ein i mange år kunna lese at bygda var endestasjon for den nedlagde Setesdalsbanen, og at Årdalsknapen på 762 moh. og Tjovehedderen var like ved. Alle i lokalmiljøet har vel vore oppe i hola, og svært mange turistar. Det tek ikkje så lang tid å gå opp dit sjølv om det er slitsamt i eit bratt terreng. Otra IL har også hatt hola med i sitt populære 10-toppers opplegg. Hola er lett synleg når ein kjem etter riksveg 9 frå sør, og det er greitt å parkere bilen der den merka stien byrjar.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...