Thina Bratteli

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 18:52 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Thina Bratteli
Thina Lund.jpg
Foto: Carl Kørner
Født: 5. januar 1876
Død: 1. oktober 1960 (84 år)

Thina Bratteli (fødd Thina Hartvigine Lund 5. januar 1876, død 1. oktober 1960) var tredje barnet til lensmann Ole Lund og kona Heloise Lund. Ho vart utdanna til lærar og arbeidde i Valle, Flekkefjord og Vrådal. Men etter å ha arbeidd i butikken til broren Søren Sverdrup Lund i Valle ei tid, kjøpte ho i 1908 tomt i Bykle for å drive landhandel der. Etter at ho hadde sett opp hus på tomta og starta handelen, gifta ho seg i 1909 med Ånund Bratteli. Ved folketeljinga i 1910 dreiv dei landhandelen saman, men då Bykle Handelssamlag vart skipa i 1913, avvikla dei butikken og satsa på hotelldrifta. Men i 1920 selde dei hotellet og kjøpte garden Espelandsbakken i Hægeland. Men etter nokre år fekk Ånund Bratteli arbeid på fabrikk i Kristiansand. Då flytta familien til Vågsbygd.

Thina og Ånund fekk to barn: John Bratteli (1910-1954) og Margit Horrisland (1912-2008).

Kjelder