Terje Greibesland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Terje GreibeslandSymbol unrelated.svg
Terje Greibesland.jpg
Født: 1. januar 1966 (58 år)

Terje Greibesland (fødd 1. januar 1966) er administrerande direktør i L/L Setesdal Bilruter. Med den stillinga følger også stilling som direktør i Birkeland Busser, Setesdal Bilruter Eigedom AS og Setesdal Bilruter Verkstad AS. Han har to periodar bak seg i Bygland kommunestyre og stod øvst på Bygland Bygdeliste 2011, noko som gav han plass i kommunestyre og formannskap fram til 2015.

Av Bygland kommunestyre er han vald til styret for KVS-Bygland AS og Setesdal Informasjons- og Kompetansesenter AS. I begge desse er han nestformann.[1] Han er og styremedlem i NHO Agder.

Sjølv om han har travle dagar som leiar av selskapet, står han nederst på vikarlista, så når det er vanskeleg å få vikarar til eit kjøreoppdrag, hender det at han set seg bak rattet sjølv. Han prioriterer å delta på Setesdalskonferansen, og på Setesdalskonferansen 2014 hadde han foredraget «Frå rutebilselskap i dalen til vinnar av milliardkontrakt», der han fortalde om strategisk selskapsutvikling og lokalt eigarskap i ein krevjande bransje. [2]

Setesdalsprisen

Under middagen på Setesdalskonferansen 2014 fekk han Setesdalsprisen saman med selskapet han leiar. Juryen si grunngjeving i høve til Terje Greibesland var slik:

Greibesland får og med seg heiderleg omtale frå juryen for å evne å drive selskapet på ein framifrå måte i lag med styret og dei tilsette, for å levere gode resultat på botnlinja, vere oppfatta som ein god arbeidsgjevar, og å ha evna både å fornye kjerneverksemda gjennom oppkjøp av turbilselskap og utvide til nye virkeområde med storbilverkstad. Greibesland har og næringspolitisk engasjement. Han har hatt styreverv i NHO Agder - og ikkje minst var han med å starte Setesdalskonferansen i lag med «Bedriftsgruppa» kring 2006.

Kjelder

Referansar