Terje A. Fidjeland
Terje A. Fidjeland | ||
---|---|---|
Født: | 1865 | |
Død: | 1. april 1914 (alder 48–49) |
Terje Aanundson Fidjeland (fødd 1865, død 1. april 1914) var børsemakar og oppfinnar. Han var son av Aanund Fidjeland, som saman med foreldre og søsken hadde flytta frå Ånebjør i Bygland til Vestre Fidjeland i Vegusdal i 1861.
Terje kjøpte eigedomen Fosstveit på Birketveit i Iveland, tett ved elva Langsima. Her bygde han ein mekanisk verkstad. Kraftspørsmålet løyste han med å bygge ein stor stem i Kinnarfossen, rett ovafor verkstaden. Han lagde eit nytt armégevær, men tapte i konkurransen mot Krag og Jørgensen. Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen.
Terje Fidjeland døydde brått i 1914, og ingen heldt fram med arbeidet hans. Verkstaden blei seld og flytta. Stemmen i Kinnarfossen og ruinane etter den mekaniske verkstaden står att på staden.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 542
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 491–492