Tarald Drengson Mosdøl

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarald Drengson Mosdøl
Tarald Drengson Mosdøl.jpg
Født: 6. mai 1859
Død: 21. desember 1950 (91 år)

Tarald Drengson Mosdøl (fødd 6. mai 1859, død 21. desember 1950) var lærar, klokkar og bonde på Utistog_(Bykle_gnr_14/2). Han tok seminareksamen i Søgne i 1877. Deretter var han i to år lærar i Høvåg og Oveinang før han i 1879 kom heim til Bykle og vart lærar der til 1919. Han var og kyrkjesongar, det heldt han på med mest så lenge han levde. Han hadde ei god songrøyst og kunne mange gamle folketonar.

I Heimar og folk i Bykle er han omtalt slik:

SitatHan var ein energisk og gåverik mann, som engasjerte seg på nærsagt alle omkverve av samfunnslivet. Han hjelpte folk med juridiske råd når eitkvart viktig skulle skrivast, han var aktivt med i kyrkjelivet og politikken, var ein framifrå talar, og den fremste pådrivaren for at Bykle skulle verta eigen kommune. Han vart difor den fyrste ordføraren, og sto i det ombodet i åra 1902-1910. Då han slutta som ordførar sa fylkesmann John Utheim at «hva George Washington hadde vært for Amerika, det hadde Mosdøl vært for Bykle».Sitat

I 1884 gifta han seg med Torbjørg Mosdøl. Dei fekk ti born, men alle dei fire gutane døydde tidleg. Dottera Gunhild Rygnestad overtok eigedomen i 1910.

Heider

Han fekk kongens fortenestemedalje i gull for den offentlege innsatsen sin.

Kjelder