Søren Seland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. juni 2020 kl. 14:58 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Søren Seland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Seland
Født: 1955
Død: 31. mai 2020 (alder 64–65)

Søren Seland (fødd 1955, død 31. mai 2020) var bonde på Byremo. Han overtok farsgarden Seland i Selandsdalen på 1990-talet, men før det hadde han gått framhaldsskule og realskule på Byremo og på Bygland skogskule. Deretter tok han agronomutdanning på Holt landbruksskule før han reiste til Hamar og studerte landbruksteknikk på Blæstad landbruksskule.

Militærtenesta hadde Søren Sæland i flyvåpenet. Før han kom heim til Byremo og etablerte Byremo landbrukssenter saman ed Frank Hårtveit, hadde han også hatt FN-oppdrag i Libanon. På Byremo landbrukssenter forhandla han traktormerket Fendt og var ein av dei største traktorseljarane i landet.

Etter at han hadde overteke garden, etablerte han Seland Landbruksverksted og reparerte landbruksutstyr både tidleg og seint.

I fritida likte Søren Seland å fiske i Mandalselva. Men sosiale aktivitetar i idrettslag og ungdomslag stod også på kalenderen hans. Han organiserte dugnadsarbeid i ungdomshuset og revyane på Byremo og sjølv elska han å skrive revytekstar og å stå på scenen. Han var styreleiar i Byremo kulturbygg og var engasjert i TINE, Nortura, Felleskjøpet, AT Skog og Vest-Agder Bondelag.

Søren Seland etterlet seg kona Marion Seland, barna Tom Sturla Seland, Marie Seland, Åse Seland og John Håvard Seland, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Mora Margith Seland levde også. Gravferda var frå Grindheim kyrkje fredag 5. juni 2020 klokka 12.30.

SitatSjølv om Søren Seland døydde så alt for tidleg, var han heldig som fekk drive på med det han treivst med nesten livet ut. Difor har han sett så sterke spor etter seg både i indre bygder og elles i landsdelen. Eit gildt og framsynt menneske med sterkt samfunnsengasjement er borte med han, men fruktene av arbeidet hans er det mange som vil ha glede av i åra framover.Sitat
– Sigurd Haugsgjerd

Kjelder