Syrtveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Syrtveitbygda i novembersol

Syrtveit er den nørdste garden (gnr. 57) i Evje. Namnet kjem frå elvenamnet Syå, lia opp for Syrtveitbekken heiter Syålia. Garden var udelt til rundt 1600, så vart han delt i fem bruk på to-tre generasjonar. Det har vore fire øygardar som har høyrt til under Syrtveit.

Ved Syrtveitsfossen er det laga rasteplass på vestsida av Riksveg 9. Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS har avfallsdeponi for heile Setesdal på Syrtveit, og like nord for avfallsdeponiet ligg Evje Bilopphogging bare 100 meter frå Otra. Lenger nord på Syrtveit, på austsida av vegen, ligg TrollAktiv med Evje Vandrerhjem og Syrtveit Ridesenter. Mellom TrollAktiv og Syrtveit rasteplass ligg Syrtveit Fiskeanlegg på vestsida av vegen heilt nede ved Otra.

Kjelder

Kart

Laster kart...