Sylvartun

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Sylvartun.

SylvartunNomeland i Hylestad har no vorte gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Det nye senteret opna 18. juni 2015. I oppstarten vil ein fokusere særskilt på det folk alltid har forbunde Sylvartun med: Folkemusikk og folkedans. Nyopninga er eit samarbeid mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet. Setesdalsmuseet skal vere ansvarleg for drifta.

Historie

I fire tiår, frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Bjørgumsylvet hadde rykte på seg for å vere av det beste, og eit møte med eigaren - spelemann, sylvsmed og kulturberar Torleiv H. Bjørgum - vart for mange eit minne for livet. Verksemda utvikla seg frå ei tømra utsalsbu til ei lita samling antikvariske laftebygningar, og så i 1992 eit nytt formidlingsbygg.

Då var det sonen Hallvard T. Bjørgum som styrde verksemda i faren si ånd, og slik var det til ein i 2010 vurderte det slik at det ikkje lenger var forsvarleg å halde anlegget oppe. Utgiftene overskreid inntektene.

Tilbake stod tome bygningar utan aktivitet, men med det meste av innbu og utstyr på plass. Gjennom det nemnde samarbeidet mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet er no Sylvartun revitalisert.

Kjelder

Eksterne lenker