Sutestad (Evje og Hornnes gnr. 27)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sutestad (gnr. 27) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I aust og sør byter garden mot Moi, i nord mot Tønnesland og i vest mot Haugland. Den lokale namnegranskaren Oddmund Mogstad meiner garden truleg er ein sein stad-gard, kanskje frå kristen mellomalder.[1] Grunneigar (2023) er Torgny Monan.
Saman med Haugland og Tønnesland danner Sutestad ein rein firkant. Det kan tyde på at dei kanskje har vore ei eining i øydetida etter Svartedauden.[2]
Sutestad skal kome av det norrøne sutari, skomakar.[3]
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 567–571
Referansar
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30
- ↑ Gardsnamn i Hornnes, side 30
- ↑ Gardsnamn i Hornnes, side 30