Suldal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. august 2022 kl. 19:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Røldal-Suldal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet.
Foto: Wikipedia/Wikimedia Commons

Suldal er ein kommune i Ryfylke, nord-aust i Rogaland. Han grensar i nord mot Sauda, Etne og Ullensvang, i aust mot Vinje og Bykle, i sør mot Hjelmeland, og i vest mot Vindafjord.

Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet. Kommunesenteret er Sand, som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter.

Kraftkommune

Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. Blåsjø er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen.

Suldal – Setesdal

Bøndene i Setesdal i jernalderen måtte over fjellet i vest eller nord-vest for å dekke behovet for mellom anna salt og såkorn. Heilt fram til Postvegen kom gjennom Setesdal midt på 1840-talet, var fjellvegane vestover dei mest naturlege bindeledda til omverda. Kortaste vegen mellom aust og vest var det lengst nord i Setesdalsheiane, mellom Breive i Bykle og Roaldkvam i den indre enden av Suldalsvatnet. Strekninga var bare 25–30 km.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker

Kart