Stolpehus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2023 kl. 13:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stolpehus er ein bygningstype i Setesdal som andre stader ofte er kalla bur eller stabbur. Namnet kjem av at bygningen står på stolpar, ofte med ein krage over slik at mus og andre skadedyr ikkje skulle kome så lett til. Stolpehusa er sjeldan store, og i Setesdal aldri i to høgder.

I stolpehuset blei frå gamalt av mat og klede lagra. Det var såleis eit veldig viktig bygg. I nyare tid blei bygningen brukt på same viset som bursdelen i loftet; til lagring av korn, mjøl, kjøt, brød, smør og ost. Her stod òg holkar og kjer, og på veggane hang gjerne ulike gogner det var bruk for i det daglege.

I Setesdal er det ikkje kjent stolpehus eldre enn frå andre halvdel av 1600-talet.

Kjelder