Stålevatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. mars 2023 kl. 09:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stålevatnet.

Stålevatnet er eit lite vatn på heia (415 moh.) om lag fire kilometer vest for garden Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Vatnet ligg rett sør for Sveindalsvegen (Fylkesveg 42), mellom Tveit og Bjørndalsvatnet. I vestre enden av vatnet er det fleire fritidsbustader, og noko sør-vest for vatnet ligg det eit større hyttefelt. Det går veg (bomveg) inn til og vidare forbi vatnet frå Sveindalsvegen.

Stålevatnet drenerer til Kosåna-vassdraget. I vatnet ligg ein liten holme med det klingande namnet Kon-Tiki.

Kart

Laster kart...