Sprekleiken 2011

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. februar 2012 kl. 16:48 av Siri J (diskusjon | bidrag) (→‎Kjelde: Kategori:Sport)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Premievinnarane på Sprekleiken 2011. Kari Jaquesson lengst til høgre. Leiar i Valle IL, Sigbjørg Næss nr. 2 frå venstre.

Sprekleiken 2011 vart arrangert sundag 6. november 2011 kl. 14.00 i Vallehalli av Valle IL og Valle jakt- og fiskelag, som skipa til Sprekleiken fyrste gongen i 2009.

I 2011 var konkurransen flytta innandørs og var difor endra ein del, men ein tok vare på kryping, rundballetrilling og sekkebering. Sekkeberinga var opp tribunetrappene i Vallehalli, men sekkene var mindre enn før. I tillegg var det balanse og pedaltråkking. Å gjennomføre pedaltråkking etter sekkebæringa var ikkje lett.

Endringane synte seg å gje ein spanande og publikumsvenleg konkurranse inne og ein satsar nok på å gjennomføre konkrransen inne i framtida.

Program

Til Sprekleiken dette året hadde arrangørane fått trimdronninga Kari Jaquesson. Arrangementet hadde dette programmet:

  • 14-16 Sprekleiken
  • 16.30 Trimtime med Kari Jaquesson
  • 18.30 Kari Jaquesson: Foredraget «Det gode liv» i Kommunestyresalen i Valle. Inngangspengar 100 kr.

Vinnarar

Junior
Senior menn
  1. Sigve Jacob 1.53,84
  2. Gunnar Gakkestad 1.54,35
Senior kvinner
  1. Liv Gunn Viki
  2. Kari Jaquesson
Lag
  1. Setesdal folkehøgskule 1.02,97
  2. Valle IL: Bjørnar Støle, Øyvind Uppstad, Knut Henrik Torgersen 1.15,53

Kjelde

  • Plakat og omtale