Sprekleiken 2010
Sprekleiken 2010 vart arrangert sundag 3. oktober kl. 14.00 på Valle Stadion av Valle IL og Valle jakt- og fiskelag, som skipa til Sprekleiken fyrste gongen i 2009.
Også i 2010 gjekk konkurransen ut på å gjennomføre ei rundløype som i 2009 omfatta rundballerulling, stokkekasting, sekkebering og kryping. Dette synte seg å vere ein spanande og publikumsvenleg konkurranseform. Opplegget var om lag det same i 2009.
Frontfigurar
I år var det den sterke 7-kjemparen frå Kristiansand, Ida Marcussen som var hovudpersonen. Ho gjorde eit godt EM og tok og to noregsmeistarskap i fri-idrott i 2010, så ho var hard å bryne seg på både for kara og kvende.
I 2009 var denne konkurransen ny og ukjend. I 2010 satsa Valle IL på å betre marknadsføringa og ynskjte deltakarar frå heile Setesdal og gjerne landsdelen med. Det var klassar for vaksne menn og kvinner over 16 år, juniorklasse for jenter og gutar under 16 år og lagkonkurranse.
Påmelding
Av omsyn til planleggjing og heatoppsett, måtte ein ha påmelding på førehand. Ein måtte difor melde seg på til post@valle-il.no seinast 1. oktober 2010.