Sofus Ausland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Sofus Ausland
Født: 11. august 1915
Død: 15. april 1995 (79 år)

Sofus Ingolf Ausland var fødd 11. august 1915 i Gjerstad, men budde mange år i Hornnes. Han var lærar (filolog) og skulestyrar.

Ausland tok examen artium ved Hornnes landsgymnas i 1936 (latinlina), cand. mag.-eksamen i 1940, ped.eks. i 1942 og språkleg-historisk embetseksamen i 1946. Han var lærar i Gjerstad kommune i 1941-1944 og 1949-1950, lektor ved Birkeland gymnas 1946-1949 og lektor ved Vårli realskule for vanføre 1950-1954. I 1954 kom han så attende til Hornnes, for å undervise ved same skulen han 18 år tidlegare hadde teke artium. Han var lektor ved Hornnes landsgymnas i to periodar, i 1954-1963 og 1970-1981. Mellom desse åra, i 1963-1970, var han styrar ved Evje ungdomsskule.

Frå hausten 1963 var det slutt på den gamle framhaldsskulen, og 9-årig linedelt ungdomsskule vart innført i Evje og Hornnes kommune. Dette var inngongen til ein ny epoke i den lokale skulesoga. Torgrim Dåsnes skriv om dette i Kultursoge for Evje og Hornnes:

" - Ein var her så heldig å få tilsett lektor Sofus Ausland, som fleire år hadde vore tilsett ved Hornnes landsgymnas og vore ein drivande formann i skulenemda. På ein framifrå måte greidde han å bygge opp eit godt pedagogisk grunnlag for skulen og skape eit triveleg miljø for elevar og lærarar under dels vanskelege forhold i startfasen."

Sofus Ausland eigde stor tiltru hos bygdefolket i Hornnes. Han vart vald inn i soknerådet, og blei etter eitt år som medlem vald til formann der. Han var med i kommunestyret, der han representerte Venstre. Ausland var også kyrkjesongar i Hornnes. Han døydde 15. april 1995.

Kjelder