Sloaros

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Sloaros er ei turisthytte på 1050 meter over havet i Bykle kommune. Ho ligg ved den austre av dei to osane der Langevatn renn ned i Sloarosvatnet. Hytta vart bygd i 1966, sikringsbua i 1983, og begge vart ombygde i 1993. Hytta har 22 senger og det er lagt ut proviant på hytta som ein kan nytte ved sjølvbetjening. Ein kjem til Sloaros ved å gå frå Hovdehytta, først langs bilveg, så langs traktorveg og så langs Hardingvegen til Sloaros. Turen er 17 km og ein må rekne fem timar på turen.

Namnet

Slo er eit krøttertråkk. Dermed fortel namnet at tråkket krysser eit os.

I gamle dagar kom hestehandlarar frå Hardanger med lange rekker av hestar som dei ville selje i Setesdal. Dei kom etter Hardingvegen frå Røldal om Holmavatn, truleg langs austsida, over Sloaros, gjennom Hardingskardet og Krossloskardet ned til Breive.

Kart

Laster kart...

Kilder

  • Artikkel om Sloaros i Årbok 1992 - 1996 for Kristiansand og opplands turistforening side 60ff.

Eksterne lenker