Sigurd Roe

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2019 kl. 11:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Sigurd Roe)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Roe
Født: 10. september 1891
Død: 3. september 1977 (85 år)

Sigurd Roe (fødd 10. september 1891 i Dypvåg, død 3. september 1977 i Lillesand) var sokneprest i Bygland frå 1947 til 1958 og prost i Otredal prosti frå 1955 til 1958. Etter dette flytta han til Lillesand og hadde vikarteneste. Han vart student i 1917 etter å ha vore lærar nokre år før det. Så studerte han på Menighetsfakultetet og var ferdig med studier og praktikum til jul i 1926. Deretter vart han ordinert i 1927 og starta prestetensta som residerande kapellan i Gloppen same år. I 1929 vart han sokneprest i Hafslo. I 1939 vart han konstituert prost i Indre Sogn og sokneprest i Innvik til han kom til Bygland.

Kjelder

  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Oslo 1974. Side 214