Signe Sollien Haugå

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Signe Sollien HaugåSymbol confirmed.svg
Signe Sollien Haugå.jpg
Foto: Harald Haugland
Født: 4. april 1966 (57 år)

Signe Berit Sollien Haugå (fødd 4. april 1966) er frå våren 2018 plansjef i Bykle kommune.[1] Ho var daglig leiar i Setesdal Regionråd frå 1. januar 2007 til våren 2018. Før ho begynte i Setesdal Regionråd, arbeidde ho som prosjektleiar i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.

Signe Sollien Haugå bur på Øvre Haugå i Bygland, men kjem opprinneleg frå Fåberg og er utdanna jordskiftekandidat (arealplanlegging) frå Norges Landbrukshøgskole (1990). Ho har tidligere arbeidd i kommune, fylkeskommune, hos Fylkesmann og i rådgjevande ingeniørfirma.

Signe er gift med Knut Sigurd Haugå. Dei har barna Marie Haugå (f. 1992), Nere Haugå (f. 1995) og Trond Haugå (f. 1998).[2]

Verv

Ho er leiar i Bygland husflidslag. Ho har også vore fylkesleiar i Aust-Agder husflidslag og styreleiar i Norges Husflidslag. Nå er ho sekretær i fylkesstyret og medlem av styret i Husfliden Aust-Agder AS (Arendal). Ho er også med i Forum for Kommunale planleggere, Agder.

Politisk engasjement

Signe stod på 1. plass på SP-lista i Bygland 2019, og blei vald inn i kommunestyret for 2019-2023.[3]

Referanser