Sigmund Haugland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. februar 2022 kl. 23:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund HauglandSymbol confirmed.svg
Født: 19. juli 1980 (43 år)

Sigmund Haugland (født 19. juli 1980) er lydteknikar hos Lydkjelleren i Ålesund. Han gjekk på Hylestad skule og Valle skule før han tok gymnaset på Kvitsund gymnas. Etter militærteneste tok han utdanning som fjernsynsteknikar på Høgskolen i Lillehammer. I tillegg tok han informatikk og mediefag på NTNU i Trondheim. Deretter fekk han jobb som teknisk leiar i Mediatek Broadcast i Oslo og seinare i NEP Norway. I 2013 flytta han til Ålesund saman med familien. Der har han sidan teke historieutdanning. I samband med dette etablerte han ein nettstad om middelalderen på Sunnmøre. Artikkelen Sunnmørsk middelalderhistorie på nett fortel om dette.

Familie

Foreldrene til Sigmund Haugland er Harald Haugland og Reidun Haugland. Han har søskena Helge Haugland, Rønnaug Haugland Lyckander og Margunn Haugland. Kona Margaret Standal Volle Haugland er organist i Valderøy der han no bur.

Eksterne lenker

Kjelde