Setesdalswiki:Såpekasse

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. mai 2017 kl. 09:53 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ser langt fram)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velkommen til Setesdalswiki. Har du noe du lurer på, eller noe du vil diskutere, kan du skrive her. —--Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 09:45 (CEST)

Såpekasse/Arkiv 2009  · Såpekasse/Arkiv 2010  · Såpekasse/Arkiv 2011  · Såpekasse/Arkiv 2012  · Såpekasse/Arkiv 2013  · Såpekasse/Arkiv 2014  · Såpekasse/Arkiv 2015  · Såpekasse/Arkiv 2016  · Såpekasse/Arkiv 2017


85163 artiklar

Ved årsskiftet 2015/2016 hadde vi 85 163 artiklar. Det er ein auke på 1794 frå førre årsskifte. Vi nådde altså ikkje 2000 dette året heller. Men i snitt er det nesten fem nye artiklar kvar dag i løpet av 2015. I 2014 laga vi 1520 artiklar, året før 1253, så det er ein fin auke.

Ved forrige årsskifte hadde vi 487 likerklikk på Facebooksida. No er det auka til 647, det er ein auke på 160. Dermed er det mange som får med seg oppdateringar via den sida.

Er det mange som besøker Setesdalswiki, lurer vel nokon på. I 2015 hadde vi nesten 150 tusen besøk og over 1,4 mill sideoppslag. Så leksikonet vert brukt, det er ingen tvil om. I snitt har vi om lag 400 besøk kvar dag. Godt nyttår til alle som brukar Setesdalswiki. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2016 kl. 12:45 (CET)

Vegnamn

No er det mange nye vegnamn i Setesdal, og i går skreiv Geir om Hornåsvegen, det vart artikkel nr. 85 200. Det gjekk og på 17 dagar, akkurat som forrige hundretal. --Harald Haugland (diskusjon) 8. jan. 2016 kl. 21:50 (CET)

Datoartiklar

Det er etter kvart blitt mange datoartiklar på Setesdalswiki, og artikkelen om 5. mars 2016 vart artikkel nr. 85 300. Geir hadde eit tak torsdag 4. februar 2016 og oppretta ei rekke datoartiklar, og den dagen er det Hylestadrevyen 2016 som står på plakaten. Med datoartiklane våre blir Setesdalswiki aktuelt, eg må helst innom framsida kvar dag for å sjå kva som hender i dalen denne dagen og kven som fyller år. --Harald Haugland (diskusjon) 5. feb. 2016 kl. 00:17 (CET)

Setesdalskonferansen

Setesdalskonferansen 2009 vart ideen om Setesdalswiki til. Når april er over, er leksikonet for Setesdal sju år. Årets konferanse går av stabelen litt tidlegare, og artikkelen om Setesdalskonferansen 2016 vart artikkel nr. 85 400. Vi brukte ein månad på dei siste hundre artiklane, så i 2016 har tempoet i nye artiklar vore noko lågare enn før. --Harald Haugland (diskusjon) 6. mar. 2016 kl. 10:59 (CET)

Meir relatert til Setesdalskonferansen

I 2009 vart Setesdalskonferansen grunnlaget for at vi starta Setesdalswiki. Difor har arrangementet i alle år vore viktig for nettstaden. Artikkel nr. 85 500 vart artikkelen om Jan Grønbech, foredragshaldar på Setesdalskonferansen 2016. Etter kvart vil det bli artiklar om dei andre foredragshaldarane også. --Harald Haugland (diskusjon) 12. apr. 2016 kl. 19:56 (CEST)

Høgtid og helg

For det meste kjem programmet for høgtider og helger som del av datoartiklar. Men 17. mai er jo ein dag med ganske mykje på programmet, så årets Evje og Hornnes 17. mai 2016 fekk eiga side. Det vart artikkel nr. 85 600, den kom i går, 11. mai, så det hundretalet brukte vi ein heil månad på å nå. --Harald Haugland (diskusjon) 12. mai 2016 kl. 10:46 (CEST)

Datoartiklar

Kvar månad treng jo minst 30 datoartiklar, så mange av artiklane våre er jo det. Men dei er viktige og syner noko av det som skjer i Setesdal den aktuelle dagen. Artikkel nr. 85 700 kom i dag tidleg og var ein slik artikkel, nemleg artikkelen om 4. september 2016. Takk til Geir Daasvatn for også den artikkelen. --Harald Haugland (diskusjon) 9. jun. 2016 kl. 13:19 (CEST)

Spisestad

Den Gamle Gaard vart artikkel nr. 85 800. Det skuldast eit oppslag i Setesdølen nr. 48, 2016 side 6 om at staden opnar sommarkafé 7. juli 2016. Vi brukte 19 dagar på å runde eit nytt hundretal denne gongen. No står sommaren for døra, men det er ingen grunn til å stoppe å skrive, så vonleg kan vi runde eit nytt tusental før vi når august. --Harald Haugland (diskusjon) 28. jun. 2016 kl. 15:14 (CEST)

Sjå framover

Geir Daasvatn ser framover og har alt notert hending 22. september 2016. Det blei artikkel nr. 85 900, og vi brukte bare 13 dagar på dei hundre nye artiklane denne gongen. I tillegg har vi utvida nokre artiklar ein del også, så produksjonen held seg. --Harald Haugland (diskusjon) 11. jul. 2016 kl. 13:41 (CEST)

Oppgradering

Oppgraderinga er ferdig og vi brukar no Mediawiki versjon 1.27.0. Det er eit problem med å vise bilder, men vi vonar å finne ut av det etter kvart. Takk til Helge Haugland for jobben. Harald Haugland (diskusjon) 13. jul. 2016 kl. 21:15 (CEST)

Oppgraderingen og bildene er på plass. —Administrator Helge Haugland (diskusjon) 14. jul. 2016 kl. 23:37 (CEST)

Ny rekord

I dag runda vi eit nytt hundretal og nådde dermed eit nytt tusental, 86 000 med artikkelen som Geir laga om Dalskilen. Vi brukte bare 10 dagar på det, forrige hundreal runda vi 11. juli. Eg har funne ei bunke med gamle aviser å skrive frå i sommar, det har gitt grunnlag for fleire artiklar enn på lenge frå mi hand, og Geir held på med geografiartiklar frå turar han tek. Så kanskje vi klarar eit nytt hundretal før august. Harald Haugland (diskusjon) 21. jul. 2016 kl. 23:11 (CEST)

Før Setesdalsfestivalen 2016

I samband med at Setesdalsfestivalen 2016 startar i dag, har eg skrive ein del artiklar om artistane som skal vere med der. Artikkelen om Ragnhild Furholt vart artikkel nr. 86 100, og held vi fram i same tempo, vil vi runde tusen nye artiklar sidan nyttår før august er omme. At det stadig er mykje å skrive om, er i alle fall heilt sikkert. Harald Haugland (diskusjon) 5. aug. 2016 kl. 09:28 (CEST)

Nytt hundretal

I dag runda vi 86 200 med artikkelen om Ole Severin Bakken. Med det har vi også passert tusen nye artiklar sidan nyttår, for ved årsskiftet hadde vi 85 163, men kva for ein artikkel som vart artikkel nr. 1000 i år, det har eg ikkje halde kontroll på. I fjor greidde vi nesten 1800 nye artiklar, så no når eg er blitt pensjonist, kan vi kanskje klare 2000 om inspirasjonen til å skrive held seg. Harald Haugland (diskusjon) 27. aug. 2016 kl. 15:21 (CEST)

Avisoverskrifter

Det er ein rikdom for Setesdalswiki å kunne lage artiklar av overskriftene i Setesdølen. Gårsdagens avis, Setesdølen nr. 71, 2016 sine overskrifter gjorde at vi runda eit nytt hundretal, no er det 86 300 artiklar i leksikonet. Vi brukte knapt to og ei halv veke på dei hundre artiklane. Så får vi sjå om vi kan halde farten oppe vidare ut over hausten. Harald Haugland (diskusjon) 14. sep. 2016 kl. 09:14 (CEST)

Fotball

Fotball er ein idrett som mange har stor interesse for. Artikkelen som gjorde at vi runda 86 400 var Otra IL Gutar-15 2016. Geir Daasvatn oppretta artikkelen i kveld, og med lista over spelarar syner det seg at vi alt hadde artiklar om nokre av dei som var med på laget. Vi pleier ikkje ha artiklar om grunnskuleelevar, men av og til er det hendingar som gjer at dei kjem med. Det er interessant å legge merke til at det er fem-seks jenter med på dette laget. Vi brukte bare eit par veker på hundre artiklar, så no held vi eit godt tempo i opprettinga av nye artiklar. Det er bare å stå på vidare. Harald Haugland (diskusjon) 29. sep. 2016 kl. 22:45 (CEST)

Setesdalswiki og Valle Radio

Setesdalswiki har fungert som heimeside for Valle Radio sine program. Spesielt gjeld det tysdagsprogramma, dei har eg hatt ansvar for sjølv, så då har det vore lett å legge ut informasjon om programma på Setesdalswiki. Då Siri Johannessen overtok ansvaret, heldt ho fram med den praksisen. Artikkel nr. 86 500 var artikkelen om kveldens program i Valle Radio, Tysdagssending i Valle Radio 20161018. Eg hadde gjerne sett at vi også hadde hatt alle onsdagsprogramma på plass, men det har vi ikkje, og det får vi bare leve med. Ved å ha informasjon om programma og kven som er med, vil lyttarar kunne lese meir om folka som er gjester. Av og til kjem det også artiklar om musikarar og plater som vert brukte. Slik blir den kulturelle sida av leksikonet utvida. Vi brukte tre veker på desse hundre artiklane, så nå går det mot eit nytt tusental med tid og stunder. Harald Haugland (diskusjon) 18. okt. 2016 kl. 23:49 (CEST)

Hundre nye

18. desember 2016 vart artikkel nr. 86 600. To veker var det som skulle til. Takk til Geir Daasvatn som fylgjer med på det som skjer både i nær framtid og lenger fram i tid. Harald Haugland (diskusjon) 2. nov. 2016 kl. 22:42 (CET)

Gruvehistorie

I det siste har vi fått fleire artiklar basert på bøkene om gruvehistoria i Evje. Artikkel nr. var ein slik artikkel. Det var Geir som skreiv artikkelen i går, og den handla om eit svært anlegg i Flåt nikkelgruve. Loddsynken (Flåt) var 422 meter djup, då er ein under havets nivå. Vi brukte 20 dagar på desse siste hundre artiklane. Harald Haugland (diskusjon) 22. nov. 2016 kl. 17:18 (CET)

Jol i Setesdal

Jol i Setesdal 2002 vart artikkel nr. 86 800. Vi har ikkje heilt komplett liste over alle Jol i Setesdal, men dekninga veks der også. Vi brukte 17 dagar på dei siste 100 artiklane, så det spørs om vi klarar å runde eit nytt tusental på dei 22 dagane som er att til nyttår, for då må vi klare 200 nye artiklar på den tida, og det er mest ti kvar dag. Harald Haugland (diskusjon) 9. des. 2016 kl. 23:52 (CET)

Nytt hundretal og årsskifte

Vi nådde 86 900 med datoartikkelen 13. februar 2017. Det skjedde 29. desember 2016. Årets siste artikkel i 2016 vart artikkelen om Steinar Reiersen. Dermed nådde vi 86 912 artiklar i 2016. Ved starten av året hadde vi 85 163. Auken dette året var difor 1 749 artiklar. Det er 45 færre artiklar enn i 2015.

Når vi ser på Setesdalswiki, vil vi framleis finne mange røde lenker. Det betyr at det er meir å skrive om i 2017. Vi har alt starta, vonleg vil det halde fram i året som ligg framom. I året som gjekk var det nesten 76 000 unike besøk. Det betyr at mange finn nytting informasjon på Setesdalswiki. Det håpar vi vil skje også i året som kjem. Godt nytt år. Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2017 kl. 22:01 (CET)

87 000

I dag tidleg nådde vi det nye tusentallet, 87 000. Vi måtte bruke litt tid på det, forrige hundretall nådde vi 29. desember 2016, i dag er det 14. januar 2017, så det var over to veker. Det var ein datoartikkel som gjorde utslaget, og den ligg langt fram i tid også, midt i juli, for då er det gamaveke i Bygland, og den er alt kome på kalenderen. Så no får vi fylle tida fram til gamaveko med nye artiklar om dagar og hendingar. Det er nok av røde lenker å ta tak i. Setesdalswiki har plass til det meste, for om det ikkje er direkte relatert til Setesdal, så er det nok indirekte relatert. Og indirekte relasjonar er også relasjonar. Harald Haugland (diskusjon) 14. jan. 2017 kl. 12:50 (CET)

Olav K. Sandnes

Eg tok meg på tak og fann fram boka om Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 for å skrive om den einaste av barna til lensmann Juel Lund (1869) som ikkje hadde fått artikkel her, Tora Sandnes. Etter å ha skrive om henne, måtte eg skrive om mannen hennar, Olav K. Sandnes, og det blei artikkel nr. 87 100. Då fekk vi 100 nye på vel to veker og kan gå i gang med eit nytt hundretal. Det er nok å ta av. Harald Haugland (diskusjon) 31. jan. 2017 kl. 00:47 (CET)

Gamle aviser

Med tida er det planen å få inn overskrifter ikkje bare frå Setesdølen som kjem ut no, men også frå eldre årgangar. I dag kom Setesdølen nr. 101, 2008. Det vart artikkel nr. 87 200. Knappe tre veker brukte vi denne gongen. Harald Haugland (diskusjon) 17. feb. 2017 kl. 12:42 (CET)

Fjell høyrer også med

Artikkel nr. 87 300 var om Husefjell (Bjørgum). Denne gongen brukte vi to veker på hundre nye artiklar. Harald Haugland (diskusjon) 4. mar. 2017 kl. 00:11 (CET)

Han står tidleg opp

Geir står tidleg opp om morgonen, ofte har han hatt ei økt på Setesdalswiki når eg får meg frukost. I dag klokka halv ni runda vi eit nytt hundretal, artikkel nr. 87 400 var artikkelen om 31. mai 2017. Då skal det vere vårkonsert på i Evje kyrkje med musikalen Visst skal våren komme. Denne gongen brukte vi tre veker på eit hundretal, men vi veks, og bruken går heller ikkje nedover, snittet med besøk i mars til no er på 550 besøk kvar dag. Harald Haugland (diskusjon) 25. mar. 2017 kl. 23:39 (CET)

Påskesending

Påskesending skjærtorsdag 2017 vart artikkel nr. 87 500. Den kom i går, så det gjekk tre veker på dei hundre artiklane. Harald Haugland (diskusjon) 16. apr. 2017 kl. 09:18 (CEST)

Ser langt fram

Geir ser langt fram, så artikkelen 27. oktober 2017 vart artikkel nr. 87 600. Hendinga som kom opp der, var Kulturveka i Valle. Også denne gongen brukte vi tre veker på hundre artiklar, så produktiviteten har gått litt ned. Men om farten er mindre, så ser vi langt fram. Harald Haugland (diskusjon) 8. mai 2017 kl. 09:53 (CEST)