Setesdalswiki:Såpekasse

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. januar 2018 kl. 00:40 av Helland (diskusjon | bidrag) (Arkivert 2016)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velkommen til Setesdalswiki. Har du noe du lurer på, eller noe du vil diskutere, kan du skrive her. —--Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 09:45 (CEST)

Såpekasse/Arkiv 2009  · Såpekasse/Arkiv 2010  · Såpekasse/Arkiv 2011  · Såpekasse/Arkiv 2012  · Såpekasse/Arkiv 2013  · Såpekasse/Arkiv 2014  · Såpekasse/Arkiv 2015  · Såpekasse/Arkiv 2016  · Såpekasse/Arkiv 2017

Nytt hundretal og årsskifte

Vi nådde 86 900 med datoartikkelen 13. februar 2017. Det skjedde 29. desember 2016. Årets siste artikkel i 2016 vart artikkelen om Steinar Reiersen. Dermed nådde vi 86 912 artiklar i 2016. Ved starten av året hadde vi 85 163. Auken dette året var difor 1 749 artiklar. Det er 45 færre artiklar enn i 2015.

Når vi ser på Setesdalswiki, vil vi framleis finne mange røde lenker. Det betyr at det er meir å skrive om i 2017. Vi har alt starta, vonleg vil det halde fram i året som ligg framom. I året som gjekk var det nesten 76 000 unike besøk. Det betyr at mange finn nytting informasjon på Setesdalswiki. Det håpar vi vil skje også i året som kjem. Godt nytt år. Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2017 kl. 22:01 (CET)

87 000

I dag tidleg nådde vi det nye tusentallet, 87 000. Vi måtte bruke litt tid på det, forrige hundretall nådde vi 29. desember 2016, i dag er det 14. januar 2017, så det var over to veker. Det var ein datoartikkel som gjorde utslaget, og den ligg langt fram i tid også, midt i juli, for då er det gamaveke i Bygland, og den er alt kome på kalenderen. Så no får vi fylle tida fram til gamaveko med nye artiklar om dagar og hendingar. Det er nok av røde lenker å ta tak i. Setesdalswiki har plass til det meste, for om det ikkje er direkte relatert til Setesdal, så er det nok indirekte relatert. Og indirekte relasjonar er også relasjonar. Harald Haugland (diskusjon) 14. jan. 2017 kl. 12:50 (CET)

Olav K. Sandnes

Eg tok meg på tak og fann fram boka om Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 for å skrive om den einaste av barna til lensmann Juel Lund (1869) som ikkje hadde fått artikkel her, Tora Sandnes. Etter å ha skrive om henne, måtte eg skrive om mannen hennar, Olav K. Sandnes, og det blei artikkel nr. 87 100. Då fekk vi 100 nye på vel to veker og kan gå i gang med eit nytt hundretal. Det er nok å ta av. Harald Haugland (diskusjon) 31. jan. 2017 kl. 00:47 (CET)

Gamle aviser

Med tida er det planen å få inn overskrifter ikkje bare frå Setesdølen som kjem ut no, men også frå eldre årgangar. I dag kom Setesdølen nr. 101, 2008. Det vart artikkel nr. 87 200. Knappe tre veker brukte vi denne gongen. Harald Haugland (diskusjon) 17. feb. 2017 kl. 12:42 (CET)

Fjell høyrer også med

Artikkel nr. 87 300 var om Husefjell (Bjørgum). Denne gongen brukte vi to veker på hundre nye artiklar. Harald Haugland (diskusjon) 4. mar. 2017 kl. 00:11 (CET)

Han står tidleg opp

Geir står tidleg opp om morgonen, ofte har han hatt ei økt på Setesdalswiki når eg får meg frukost. I dag klokka halv ni runda vi eit nytt hundretal, artikkel nr. 87 400 var artikkelen om 31. mai 2017. Då skal det vere vårkonsert på i Evje kyrkje med musikalen Visst skal våren komme. Denne gongen brukte vi tre veker på eit hundretal, men vi veks, og bruken går heller ikkje nedover, snittet med besøk i mars til no er på 550 besøk kvar dag. Harald Haugland (diskusjon) 25. mar. 2017 kl. 23:39 (CET)

Påskesending

Påskesending skjærtorsdag 2017 vart artikkel nr. 87 500. Den kom i går, så det gjekk tre veker på dei hundre artiklane. Harald Haugland (diskusjon) 16. apr. 2017 kl. 09:18 (CEST)

Ser langt fram

Geir ser langt fram, så artikkelen 27. oktober 2017 vart artikkel nr. 87 600. Hendinga som kom opp der, var Kulturveka i Valle. Også denne gongen brukte vi tre veker på hundre artiklar, så produktiviteten har gått litt ned. Men om farten er mindre, så ser vi langt fram. Harald Haugland (diskusjon) 8. mai 2017 kl. 09:53 (CEST)

Heievegar har også namn

Greinevegen vart artikkel nr. 87 800. Denne gongen skreiv eg ikkje noko ved passering av forrige hundretal, så det er 200 artiklar sidan siste notis her, den kom for fem veker sidan. I løpet av sommaren burde vi vel klare å runde eit nytt tusental, men om vi skal runde hundre tusen i det dei kallar overskueleg framtid, må nok fleire skribentar bli med i dugnaden. Harald Haugland (diskusjon) 14. jun. 2017 kl. 11:35 (CEST)

Ung ryttar

Artikkelen om Sigrid Høgevold vart artikkel nr. 87 900. Ho fekk sølvmedalje i NM distanseridning 24. juni 2017, og då var det naturleg med ein artikkel i avisa. Setesdalswiki har ikkje fylgd opp sportsresultat i særleg grad, dersom nokon som fylgjer lokale utøvarar aktivt ville skrive om det, hadde det jo vore fint. Men av og til kjem det artiklar som kan høve for nettleksikonet også, og denne gongen var det ein slik. Gratulerer til Sigrid Høgevold! Harald Haugland (diskusjon) 7. jul. 2017 kl. 11:28 (CEST)

Indre Agder

Då Setesdalswiki starta, var Setesdal dekningsområde for leksikonet. Men ettersom tida har gått, har det nok utvikla seg til å bli aktuelt å skrive om tema frå heile Indre Agder. Dels har det å gjere med at avisa Setesdølen har utvikla seg i den retningen. Dels har det å gjere med at folk i Setesdal har nettverk i heile Indre Agder, ikkje bare i Setesdal. Difor var det ikkje unaturleg at artikkel nr. 88 000 ikkje kom frå Setesdal, men handla om Seland (Konsmo), garden der det skal vere auksjon i morgon og sundag. Garden og auksjonen var omtalt på framsida i Setesdølen nr. 50, 2017. Vi har altså runda eit nytt tusental i dag. Geir Daasvatn skreiv artikkelen. Vi brukte vel sju månader på desse tusen nye artiklane, forrige tusental, runda vi 17. januar 2017. I fjor klarte vi 1750 artiklar på eitt år. Om vi klarer meir i år, står att å sjå. Men det er nok å skrive om. Harald Haugland (diskusjon) 28. jul. 2017 kl. 15:00 (CEST)

Ringeriksbua

20. august 2017 runda vi eit nytt hundretal. Artikkel nr. 88 100 var ein artikkel om Ringeriksbua. I ferietida måtte vi ha tre veker på dei første hundre artiklane på det nye tusentalet. Så får vi sjå korleis det går med dei neste hundre. Harald Haugland (diskusjon) 23. aug. 2017 kl. 11:57 (CEST)

Nesten ein månad

Denne gongen brukte vi nesten ein månad på eit nytt hundretal. Artikkelen om Toralf Austrud kom i kveld, og dermed var det 88 200 artiklar på Setesdalswiki. Sjølv om ferien er over for dei fleste, er det visst feriemodus her framleis. Men kan hende det går fortare når hausten no kjem. Harald Haugland (diskusjon) 18. sep. 2017 kl. 22:28 (CEST)

Tveitsund bru

Artikkelen om Tveitsund bru vart artikkel nr. 88 300. Den kom i går, så vi brukte om lag tre veker på hundre nye artiklar denne gongen. I september fekk vi også høgaste talet på sidevisningar og besøk til no i 2017. Grunn til glede ein regntung dag i oktober. Harald Haugland (diskusjon) 11. okt. 2017 kl. 16:11 (CEST)

Vegartiklar

Det aukar også med vegartiklar i lekikonet. Artikkelen om Rikesvegen i Valle vart artikkel nr. 88 400. Den kom i går, 29. oktober, og det var då knappe tre veker sidan vi runda forrige hundretal. Framleis er det vegartiklar å skrive, nå har vegane også fått skilt, så bilde av skilta kan også vere med og illustrere artiklane, slik det skjedde denne gongen. Takk til Geir! Harald Haugland (diskusjon) 30. okt. 2017 kl. 10:29 (CET)

Agder Spelemannslag

Agder Spelemannslag vart til Setesdal spelemannslag. Ein liten artikkel om dette vart artikkel nr. 88 500. Også denne gongen gjekk det knappe tre veker. Harald Haugland (diskusjon) 18. nov. 2017 kl. 19:46 (CET)

Draumarnuten

Draumarnuten er ein topp i Bygland, den vart artikkel nr. 88 600. Denne gongen brukte vil litt lenger tid på å nå eit nytt hundretal, så det spørs om ikkje det vart siste runding i 2017. Harald Haugland (diskusjon) 13. des. 2017 kl. 23:49 (CET)

Kommunevåpen, nytt år og rekord

Godt nytt år! Artikkelen om Kommunevåpenet i Bygland kommune vart artikkel nr. 88 700. Vi nådde det nye hundretalet 31. desember 2017. Eg hadde ikkje trudd vi skulle runde fleire hundretal i 2017, men denne gongen brukte vi 18 dagar på å runde eit nytt hundretal. Dette var også fjorårets siste dag, med to artiklar til i boks i går, vart totalt antall ved utgangen av 2017 88 702. Tilveksten i 2017 var på 1790 artiklar, 45 meir enn i 2016.

Om vi ser på besøkstal i 2017, er det stor grunn til å glede seg. 110 262 unike gjester besøkte Setesdalswiki i året som gjekk. Dei hadde 180 804 besøk og såg på 1 861 355 sider. Før rekna vi med om lag 400 besøk kvar dag, i desember var det over 550. Så er det bare å halde fram med å utvikle leksikonet vårt i året som kjem. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2018 kl. 19:54 (CET)