Setesdalswiki:Om

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juli 2018 kl. 22:53 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida litt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalswiki er ein wiki om Setesdal. Her vil det kome artiklar om personar, bedrifter, organisasjonar, stader, geografi og anna i regionen. Det vil også vere naturleg å ta med relevante ting utanfor Setesdal. Slik sett er vi eit leksikon for Setesdal og Indre Agder. Men vi er også langt på veg ei nettavis, kvar dag er det hendingar som vi nemner gjennom datoartiklane våre. Alle kan skrive - det er lett å registrere seg og bli med som bidragsytar på Setesdalswiki. Du kan sjølv velje om du vil skrive på nynorsk eller bokmål, eller begge deler. Men ein bør ikkje ha to språkformer i same artikkel.

Idéen om Setesdalswiki vart lansert på Setesdalskonferansen i april 2009 på Hovden Høyfjellshotell. Idéen vart vel motteken av dei vel 30 deltakarane frå næringslivet i regionen.

Vi gjer difor med dette eit forsøk på å få til ein wiki.

Frå august 2010 har vi ein avtale med Setesdølen om at vi kan legge ut oversikter over avisa sitt innhald. Også andre medier kan dekkes av Setesdalswiki, både lokalradioar og lokale publikasjonar.

Frå oppstarten 26. april 2009 levde Setesdalswiki under domenet http://www.eskeland.net/setesdalswiki. Først 10. februar 2011 fekk Setesdalswiki sitt eige domene – http://www.setesdalswiki.no.

http://blog.setesdalswiki.no kan du lese meir om utviklinga av denne nettstaden.

Eksterne lenker

Informasjonskaplser

Setesdalswiki benytter informasjonskapsler for å gi deg en bedre brukeropplevelse, og gi oss informasjon om bruken. Google Analytics er dokumentert her.