Setesdalsmuseet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. april 2018 kl. 10:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til et par kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk
Setesdalsmuseets hovedanlegg på Rysstad.
Inngangen til Setesdalsmuseet sine kontorer
Siri Johannessen (2010)
Setesdalsmuseet sin laftehall
Siri Johannessen (2014)

Setesdalsmuseet er museet for Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland kommunar. Administrasjonen held til på Rysstad i museumsbygget som dronning Sonja opna i 1993. Dagleg leiar er Anna Stella Karlsdottir og museet har 10 tilsette.

Setesdalsmuseet sitt mål då startskottet gjekk i 1938 var å ta vare på kulturgjenstander for å hindre at dei vart selde ut av Setesdal. Men det hadde lenge vore tenkt på eit museum, som Knut Hoslemo sine ord frå 1924 syner:

Me vil reisa vaart eige museum
For aa berga det som att er
Av gamall heimill - baade i stort og smaat.
Me vil reisa vaart eige museum
For betre aa kunne granska liv og lagnad
skikk og sed tru og tenkjemaate hjå fedrane
og sjaa samanhøve millom gamal og ny tid.[1]

Historikk

Så tidleg som i 1914 byrja lensmann Juel Lund (1869) og kunstmaler Lars Osa i Valle å samla inn pengar til eit museum som skulle liggje på Prestevodden i Valle, der det og vart sett upp ei årestue frå Åmli. Så, i 1937, reiste ei gruppe lærarar frå dalen inn til Oslo for å tale med den utflytta skule- og pressemannen Torgeir Bjørnaraa om korleis eit museum skulle komma til. 9. juni 1938 godkjende kommunestyra i Setesdal og Iveland planane for eit museum, og museet var eit faktum. Bjørnaraa ga samstundes ein del av samlinga si til museet.

Samlingar/signaturar

I samlingane til Setesdalsmuseet er det 70 bygningar, nesten 30000 gjenstander, nær 6400 mineralprøver og 53000 bilete. Dei er fordelte på ti samlingar. Dei nesten 30000 gjenstandene er fordelte slik:

  • Bykle 1124
  • Valle 13711
  • Bygland 4330
  • Evje og Hornnes 7573
  • Iveland 3033

Formidling

Utstillingar

Museet har faste utstillingar som står fleire sesongar og temporære utstillingar som står kortare tid. Dei fleste avdelingane har kulturhistoriske utstillingar. I tillegg kjem ulike temautstillingar. Temautstillingane i Bykle er Jernvinnemuseet på Hovden og Bykle gamle kyrkje. Temautstillingane i Valle er Rygnestadtunet og Tveitetunet, medan sentralbygget på Rysstad har Hans Henrik Holm si diktarstove, So gjekk me kledde i Råbyggjelaget, Kraftutbygging i Setesdal og Løylandsamlinga. Forsvarsmuseet har ei fast forsvarsutstilling og ei utstiling om Jørgen Løvland. På Fennefossmuseet er det ei Apotekutstilling og ei mineralutstilling. På Iveland og Vegusdal bygdemuseum er det ei fast draktutstilling og utstillinga Teknikk og tradisjon i jernalderen.

Mellombelse utstillingar i 2012 på Rysstad var Setesdal sett med kunstnarauge og Frå hest til hestekrefter - vinterferdsle i hei og utmark. Tidlegare temporære utstillingar har mellom anna vore Noregs internasjonale operasjonar etter 1989 på Forsvarsmuseet.

Tilbod til skular

Setesdalsmuseet har og tilbod om å kome til skular og presentere program gjennom Den kulturelle skolesekken. Blant anna har dei laga ein presentasjon saman med Agder Folkemusikkarkiv: Hylestadportalane i musikk og bilete. Andre slike tilbod er Kom skal vi klippe sauen og Draktskikk. Frå vogge til grav.

Skriftleg formidling

Skriftleg formidling er og viktig for Setesdalsmuseet. Dei har ein serie hefter som vert kalla Råbyggjeserien. Dei tilsette har og oppgåver knytt til utgjeving av bøker, der dei dreg nytte av biletsamlinga på museet. I 2011 gav Leonhard Jansen ut boka August Abrahamson - fotografiske plater. Same året kom og Folkefest frå fjell til fjord, ei bok om 17. mai-feiringa i Setesdal og Vest-Telemark med bilete frå samlinga til Setesdalsmuseet. Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder er ei anna bok basert på samlingane etter Jon Løyland som Leonhard Jansen gav ut i 2008.

Sommaren 2012 gav museet ut ei Temaavis for Setesdalsmuseet juli 2012 på 12 sider som vedlegg til Setesdølen nr. 53, 2012.

Referansar

  1. Bjørkeli, Johs: «Setesdalsmuseet 75 år» i Fædrelandsvennen 24. juni 2013, Del 2: Kultur, s. 14.

Eksterne lenker