Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980
Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980 er ei jubileumsbok skrive i samband med 50-årsfeiringa til laget i 1980. Ei sogenemnd i laget hadde ansvaret for arbeidet med boka. Med i nemnda var Gunnar Lande, Torleiv H. Bjørgum og Torbjørg Aamlid Paus. Forfattarar er Gunnar Lande, som også var den aller første formannen i Setesdal Spelemannslag, og Hallvard T. Bjørgum. Torleiv H. Bjørgum og Torbjørg Aamli Paus har skrive einskilde stykke. Trykkinga skjedde ved Johs. Grefslie Trykkeri, Mysen, 1981. Innbindinga er ved Jacobsen & Hielm, Oslo. 424 sider. ISBN 82-90300-01-8.
Boka gir eit omfattande oversyn over lagsarbeidet til Spelemannslaget i åra 1930-1980. Ho inneheld også stoff om folkemusikken og dansen i Setesdal før det organiserte arbeidet kom i gong, om dei første kappleikane i dalen, om musikalske slekter i heile Setesdal, om spelemenn, dansarar og kvedarar og tilhøva elles for folkemusikken og bygdedansen i Setesdal fram til i dag.
Boka inneheld ei mengde dikt og stev, premielister frå kappleikar og over 180 bilete.
Innhaldsliste
Frå bryllaupsstove og danseplass - til møterom og konsertsal
- Innleiing
- Landslaget for Spelemenn
- Føresegner for kappleikar
- Føresegner for domsmenn
- Landskappleikar i 20-åra
Dei fyrste felekappleikane i Setesdal
- Fyrste kappleiken
- Andre kappleiken
- Minnesteinen over Tarkjell Aslakson Austad
- Tredje kappleiken
- Fjorde kappleiken
- Femte kappleiken
- Sjette kappleiken
- Sjuande kappleiken
- Åttande kappleiken
Grunnlaget for eit spelemannslag
Spelemannslaget vert skipa
1932-1940
Spelemannslaget atterreist
1953-1973. 20 år i medgang og motgang
Ny oppbyggingstid i Spelemannslaget
Kjelder
- Bokomslaget, føreordet, m.v.