Setesdal Regionråd

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Setesdal Næringsfond)
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo for Setesdal Regionråd. Design: Ove Kjetså.
En av bautaene som regionrådet har satt opp langs Riksvei 9.
Foto: Siri Johannessen

Setesdal Regionråd (tidlegare Setesdal Næringsfond) er felles næringsorganisasjon for Bykle kommune, Valle kommune, Bygland kommune og Evje og Hornnes kommune. Frå 1. september 2019 er også Åseral kommune med.

Organisering

Rådet er organisert som eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 18-1, og er eige rettssubjekt. Vertskommune er Valle. Ramma for samarbeidet er samarbeidsavtale dagsett 22. november 2021. Utviklingsplan Setesdal 2020 med handlingsprogram fungerer som utdjupande partnarskapsdokument i forhold til prioriterte satsingar og arbeid i inneverande periode.[1]

Føremål

Føremålet er å fremme utvikling av heile Setesdalsregionen. Den overordna målsettinga er «Levande og inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region». Ut frå visjonen «Setesdal er Agder sitt grøne hjarte» skal Regionrådet stimulere utvikling og vekst i Setesdal basert på eigne føremonnar/særpreg og fremme regionen sine interesser.

Regionrådet skal særleg arbeide med desse hovudutfordringane:

  • marknadsføre og utvikle Setesdalsregionen som reiselivsdestinasjon
    • bygge Setesdal som merkevare
    • bygge reiselivsrelatert infrastuktur
  • vidareutvikle og styrke kompetansen i regionen
    • fagarbeidaren i framtida sitt arbeidsliv
    • Setesdal kompetanse
  • utvikle attraktive og livskraftige bygder
    • marknadsøre framtidas berekraftige bygder
    • styrke regional inrastruktur og samfunnsstruktur
  • forvalte regionalt næringsfond

Politisk struktur

Representantskap

Inger Lise Lund Stulien leiar representantskapet 2022–2023.

Setesdal Regionråd blir leia av eit representantskap. Det består av formannskapet, ved fem representantar frå kvar, i dei fem samarbeidskommunane og tilsvarande tal varamedlemer. Rådmennene og dagleg leiar møter med tale- og forslagsrett.[2]

Styre

Styret i Setesdal Regionråd 2019. Bak frå venstre: Vidar Frøysnes, Steinar Kyrvestad, Knut Hagen, Jon Rolv Næss, Åse Ingebjørg Flateland (vara), Leiv Rygg Langerak, Rita Hansen, Runar Granheim. Foran frå venstre: Lars Reidar Vasland, Anne Eikerapen, Tone Lise Avdal, Bjørn Ropstad, Britt Ingrid Andersen. Kay Jeiskelid og Margit Dale var ikkje til stades då biletet blei teken.
Foto: Marit Simonstad Kvåle/Setesdal Regionråd

Styret arbeider i medhald av samarbeidsavtale dagsett 22. november 2021. Kvar kommune har to faste og to vararepresentanter til styret. Kommunane oppnevner sjølv medlemene sine, minst eitt må vere kvinne. Funksjonstida følger valperioden. Styret vel styreleiar og nesteleiar for to år om gangen. Dette går på omgang mellom kommunane. Fylkeskommunen med fylkesordførar, fylkesrådmann, rådmennene i kommunane og dagleg leiar er faste observatørar til styret.[4]

Styret kan treffe avgjerder om drift, organisering og disponering av midlar mv. innanfor godkjent budsjett.

Det er vedtatt Handlingsplan 2022–2025.

2019–2023

2015–2019

2011–2015:

2008–2011:

2004–2007

  • Bykle kommune: Ordfører Kay A. Jeiskelid og varaordfører Anne Ellen Senum
  • Valle kommune: Ordfører Steinar Kyrvestad og varaordfører Olaf Henrik Homme
  • Bygland kommune: Ordfører Knut A. Austad og varaordfører Harry Andersen
  • Evje og Hornnes kommune: Ordfører Bjørn A. Ropstad og varaordfører Endre Refsnes[5]

Arbeidsområde

  • Interkommunalt samarbeid
  • Næring
  • Samferdsel

Aktivitetar

Utgivelser

Setesdal Regionråd lagar fleire hefte:

Administrasjon

Setesdal Regionråd har kontor på kommunehuset i Valle. Det er også kontorfilial på kommunehuset i Bygland.

Dagleg leiar

Frå 2018 er Rita Hansen dagleg leiar. Dagleg leiar 2006–2018 var Signe Sollien Haugå. Før henne var tidlegare rådmann i Valle, Arne Tronsen, dagleg leiar frå 1995.

Øvrige tilsette

Pr. februar er desse tilsette i Setesdal Regionråd, i tillegg til dagleg leiar: Roy Bakke (Visit Setesdal/rådgjevar reiseliv), Birgit K. Homme Harstad (rådgjevar) og Marie Pedersen (møtesekretær, i permisjon).

Irene Kile var rådgjevar til september 2010, då ho begynte i ny stilling i Åseral kommune. Frå 1. desember 2010 var Siri Alice Øvergård Bøyum tilsett i rådgjevarstillinga. Rådgjevar arbeider hovudsakleg frå kontoret i kommunehuset i Bygland. Runar Granheim var tilsett som rådgjevar frå januar 2018. Wenche Tangene var leiar for Helseprosjekt Setesdal i 50% stilling.

Referanser

Eksterne lenker