Setesdal Miljø og Gjenvinning

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2019 kl. 01:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversikt over avfallsanlegget.
Foto: Reidar Tveito
Ettersortering av avfall på Syrtveit.
Foto: Reidar Tveito

Setesdal Miljø og Gjenvinning er eit interkommunalt selskap for Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Føremålet med selskapet er å take vare på alt avfall i Setesdal på ein miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte. Dette gjer selskapet ved å etablere, eige og drive anlegg for mottek, handsaming og deponering av avfall i dei fem kommunane i samsvar med forureiningslov og konsesjonsvilkår. Selskapet er ansvarleg for innsamling, transport og handsaming av alle avfallstyper etter lovverk og føresegner og tek seg av all innsamling og vidare handsaming av slam frå renseanlegg, septiktankar og lukka anlegg. Setesdal Miljø og Gjenvinning skal drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging når deg gjeld avfallshandtering. Leiar i representantskapet er frå 2011 Jon-Rolf Næss nestleiar er Tarald Myrum. Styreleiar frå 2011 er Torgeir Hodne, nestleiar er Kjell Øyvind Berg.

Selskapet sin administrasjon ligg på Syrtveit i Evje og Hornnes kommune, der dei driv sin hovudaktivitet innan avfallsbehandling. I tillegg har Setesdal Miljø og Gjenvinning ein gjenvinningsstasjon i kvar av de øvrige eigarkommunane. Det er 10 tilsette i 9,2 årsverk i selskapet, som og er medeigar i Returkraft i Kristiansand. Dagleg leiar er Svend Aage Petersen.

Eksterne lenker