Senumsferja

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. juli 2017 kl. 00:23 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Retta årstal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferja på veg over sundet med ein bil i 1965.Ved sida heng eika som vart nytta til småfrakt. Gullsmedmoen i bakgrunnen.
1952. Den gamle roferja på veg over sundet med hest og folk.
Foto: Bilete frå Jorunn Greibesland
Folk frå Horverak og Bø ynskte å bli sett over frå Fagersand, så slapp dei å fare rundt Senum og Senumskilen, til venstre her.
Foto: Reidar Tveito
Ferja tok både lastebilar og bussar dei fyrste åra.
Fram til 1965 var ferja godkjent for last inntil 10 tonn. Ferjemann er Tarjei Heggtveit.
Foto: Reidar Tveito
Berre last på 2 tonn siste vinter ferja var i bruk. På senumsida ligg ferja, Ferjehytta og slepebåten Thor 2 på slippen.
Foto: Reidar Tveito


Det har vore ferjing av folk og gods over Senumsundet i lang tid før Byglandsfjord vaks fram. Nedanfor gjekk elva strid, og ovanfor var fjorden brei, slik at skulle ein over på motsett side av vassdraget, så var dette rette staden.

Ei ferje var naudsynt

Allereie i 1804 vart det anlagt ein kjerreveg mellom Krossen i Hornnes og Senum for å letta ferdsla framom fossane i Otra på dette stykket. Elles nytta ferdafolk vassvegen nedanfor Fennefossen eller oppetter Byglandsfjorden. Nokre ti-år seinare vart det bygd veg mellom Kristiansand og Valle, ferdig i 1847. Mellom Evje og Storestraumen gjekk denne vegen på austsida, og då vart det trong for ei ferje over Senumsundet for å knyta saman desse vegane på eit vis. Etter at «stasjonsbyen» Byglandsfjord vaks fram, vart ferja endå viktigare for folk på vestsida.

Om drift av ferja og løn til ferjemannen

Senum og Gullsmedmoen låg i tidlegare Hornnes kommune, og der høyrde ferja heime. Ei lita ferjehytte vart sett opp på den sida av sundet, og der sat ferjemannen vakt, men han budde anten på Gullsmedmoen eller Senum. Difor var det Hornnes som styrde med ferjinga og hadde utgifter med det. Seinare vart dette til ei deling med Bygland kommune. Hovudferja vart bruka når folk og hestar med kjerre skulle over. Var det færre som trong ferjing, så nytta ferjemannen ei eike. Her er nokre notisar om ferjinga saksa frå Fædrelandsvennen:

18.01.1945: Heradsnytt frå Hornnes.
Det vart gjort vedtak om å søkja fylket om auke i fylkestilskotet til Senum ferjesund til likt med Moisund ferjesund. Ferjemannen ved Senum vart gjeven fullmakt til å kjøpe ny eike på kommunens rekning.
02.02.1949: Bygland heradstyre.
Til løn til ferjemannen i Senumsund hadde Hornnes herad pr. 1. juli 1948 lagt ut kr. 1405.10 meir enn Aust-Agder fylke vil betala i ferjemannsløn. Bygland herad sa seg viljuge til å taka halvdelen av dette, så framt det er uråd å få fylket til å taka alt.

To ferjeruter med ulike takster

Folk som budde på Horverak og Bø (Bygland), lengre oppe på vestsida av fjorden, dei ynskte å bli ferja over frå Fagersand, så slapp dei å fara den lange omvegen rundt Senumskilen og Senum når dei skulle over fjorden. Strekninga var litt lengre enn rett over sundet, og ferjemannen meinte han hadde rett til meir belaling når han måtte ro dit. Då klaga dei til kommunen.

26.09.1951: Frå siste heradstyre i Bygland.
Oppsitjarane på Bø og Horverak seier frå at ferjemannen i Senumsund tek 35 øyre meir for å setja folk over frå Fagersand enn frå Gullsmedmoen. Ein vedtok samrøystes at såframt ikkje ferjemannen vert pålagd å ferje for same betaling frå Fagersand som frå Gullsmedmoen, seier Bygland herad opp avtala om å betala halvparten av utlegga til Senumsund ferje.
16.11.1951: Frå Bygland heradstyre.
Om Senumsund ferja uttala heradstyret samrøystes: Då Bygland betalar det same som Hornnes, hev Bygland same rett til at det vert ferja over frå Fagersand, som Hornnes hev til at det vert ferja frå Gullsmedmoen, og søkjer Aust-Agder vegstyre om at ferjemannen i Senumsund ferjar på same vilkår frå Fagersand som frå Gullsmedmoen.

Både Hornnes og Bygland kommune vil ha fortgang med bru over sundet

På denne tida var både Bygland og Hornnes utålmodige på å få bygd bru over sundet. Helst ei jarnbru vart det sagt, eller ei gangbru kan hende. Hornnes kommune søkte nå om at Aust-Agder fylke kunne taka over ferjinga frå 1. juli 1952. I januar 1953 hadde Hornnes atter ei gong ei oppmoding i fylkestinget om å setje av pengar til brubygging. Samstundes oppmoda Hornnes kommune vegkontoret om å setja ferja i slik stand at ho kunne take lastebilar.

Motorisert trekkferje inntil vidare

Oppmodinga frå Hornnes om betre ferje hadde hjelpt, for på midten av 1950-talet vart det sett inn ei ny og større ferje som med motor drog seg over sundet etter ein wire. Ei betring, sjølv om det var bru ein helst ville ha. Var det ein eller to som skulle ferjast over, så nytta ferjemannen ei eike med påhengsmotor, og ferja dei gjerne til Fagersand om ynskjelig. Etter at kraftverka hadde senka elveløpet mellom Senumsund og Byglandsfjorddammen på slutten av 1950-talet, så vart vasshøgda i fjorden til tider så låg at ferja fekk vanskar på landsidene. Vegvesenet sette inn ein traktorgravar til å laga ei djupare låm for ferja, men i staden for å hiva grusen lengre ut i vatnet, så fekk vegoppsynsmann Bonvoll idéen om å nytta grusen ma. til idrottsplass ved Byglandsfjord skule. Slik skal det vere!

Redusert kapasitet og innskrenka ferjetider

Dei siste åra ferjene ved Moisund og i Senumsundet var i drift, vart det sett ei avgrensa tid då ferjene kunne nyttast. Utanom desse tidene laut ein koma seg over på eiga hand. Vekta på bilar som skulle med vart redusert meir og meir. Fram til 1965 kunne ferja take bilar med totalvekt inntil 10 tonn, men i ei annonse 5. august vart det opplyst om ei redusert totalvekt på 6 tonn. Påfylgjande vinter 1965-66 vart totalvekta på køyretøy ytterlegare endra ned til 2 tonn. Nå vart det også sett inn faste avgangstider kvar halvtime, noko som vart mislika. I alle år var det slik at ferja gjekk når folk ville over sundet.

Ferjas lagnad

Ferja var eigentleg ein stor trekasse med jarnbeslag på utsette stadar, og ho hadde snart gjort sitt. Nå var brua over sundet under arbeid, og etter at den vart ferdig, vart ferja dregen opp på land til turk. Seinare vart ho teken i bruk av entreprenør Norman Bydal frå Evje då det skulle leggjast ei vassleidning over Otra ved Hornnes. Folka til Bydal hadde laga til hjulgogner for å kunne frakta ferja etter veg. Seinare vart ho bruka til så mangt, ma. under rivinga av den gamle Byglandsfjorddammen i 1974 og under arbeidet med Heddeneset tunnelfylkesvei 323 mellom Åraksbø og Austad.

Sjå også

Kart

Laster kart...

Kjelder

  • Heradsnytt frå Hornnes, Fædrelandsvennen, 18. januar 1945.
  • Bygland heradstyre, Fædrelandsvennen, 2. februar 1949.
  • Frå siste heradstyremøte J..K, Fædrelandsvennen, 26. september 1951.
  • Bru over Senumsundet og vegen Horverak - Dale må snart koma, T.F. Fædrelandsvennen, 26. oktober 1951.
  • Bygland vil forskotera til arbeidet på vegen Bø - Dale, J.K. Fædrelandsvennen, 15. november 1951.
  • Hornnes hadde 12.800 i underskot, O.A.F. Fædrelandsvennen, 29. desember 1951.
  • Hornnes bed fylket om veg og brupengar, Fædrelandsvennen, 13. januar 1953.
  • Utdyping på ferjestaden ga grus til idrottsplass, KJA (Karl Johan Alværn) Fædrelandsvennen, 28. april 1958.
  • Annonse, Vegsjefen i Aust-Agder, Fædrelandsvennen, 5. august 1965.
  • notis om ferjetider, Fædrelandsvennen, 2. april 1966.
  • Jarl Mykland, Byglandsfjord, 2013.