Senum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. september 2017 kl. 08:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstern lenke til bilder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Senum-garden ligg vakkert til på vestsida av fjorden.

Senum er ein gard (gnr. 1) på vestsida av Byglandsfjorden, lengst nord-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord grenser garden til Horverak i Bygland kommune, i sør til Holtet i Evje og Hornnes kommune. Mot vest gjekk han opphaveleg heilt inn til Åserals-grensa. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i Norske Gaardnavne meiner namnet kjem av gamalnorsk sina, visna gras, og at det er eit «heim»-namn. Ein reknar med at «heim»-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge Oddmund Mogstad kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av «sen».

Den første mannen ein finn namnet til i lensreknskapen på Senum (1610), er Svenke Senum. I Gards- og ættesoga for Hornnes heiter det at han utan samanlikning var den rikaste mannen i Hornnes på den tid.

På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på ein husmannsplass på Senumsmoen. Truleg var han ein slags gullsmed, for seinare vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.

Kulturminne

Mellom Senum og Horverak ligg fjelltoppen Horgeknipen. Her var det heilt tilbake i folkevandringstida ei bygdeborg. I 1919 og 1970 blei det gjort svært interessante vikingtidsfunn på Senum-garden. Funnet i 1919 var eit sverd av jern. 50 år seinare, i 1969, fann ein først ei øks, eit ljåbrot og fire pilespissar. Universitetets Oldsakssamling sette då (1970) i verk utgravingar på staden, og fann to gravminne frå vikingtida. Ein trur den eine grava er frå andre halvdel av 800-talet, og den andre frå 900-talet. I Kultursoga for Evje og Hornnes heiter det at det er all grunn til å tru at jorda på Senum enno gøymer mange fine og interessante kulturminne frå vikingtida.

Ferdslevegar

Den ferdslevegen som setesdølane mest nytta seg av i eldre tid, låg etter heiene på vestsida av Byglandsfjorden. Dølar på bytur kom då ned ved Senum, før dei for vidare utetter Moseidmonane til Birkeland og Fennefoss. Frå første halvdel av 1600-talet, etter at Kristiansand var grunnlagd som handelsplass og by, auka ferdsla langs Otra-dalføret. Folk nytta Otra der elva var farbar. På Senum hadde dei store båtar (Senumsbåtane) som kunne ta opptil 60 kløyver. Desse leigde Senums-bøndene ut som fraktebåtar. Desse vart rodde opp til Storstraumen. Her bar dei godset over tangen, og drog båtane opp Straumen. Så rodde dei det siste stykket opp til Ose igjen.

Veg frå Fennefoss til Senum vart ferdig i 1804. Dette var den første køyrevegen i indre Agder. På Gullsmedmoen, ved Senumsundet, var det ferjestad slik at ein kunne frakte folk og varer over på austsida av Byglandsfjorden der vegen gjekk vidare oppover dalen.

Sjå også

Eksterne lenker

Kjelder