Sandnes kyrkje (Bygland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. april 2021 kl. 20:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Flytting av kyrkja: lenke Gunnulvshaug)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnes kyrkje på Åraksbø
Foto: Siri Johannessen
Interiør sett frå våpenhuset
Foto: Siri Johannessen

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844Åraksbø i Bygland kommune. Byggverket er lafta i tre, og panelt utvendig. Det har 200 plassar, og vart bygd av Anders Torson Syrtveit (Anders kyrkjebyggar).

Kyrkja var den fyrste i heradet som fekk orgel. Distriktslækjaren, Christian Nicolay Paus, og kona hans som budde på Frøysnes i åra 1899–1912, stod i spissen for innsamlinga. Fru Paus traktera sjølv orgelet inntil dei flytte til Lindås i Nord-Hordaland i 1912.[1]

Flytting av kyrkja

Fleire gonger hadde det vore tale om at kyrkja skulle flyttast frå Sandnes til Åraksbø. Det byrja på slutten av 1800-talet fordi kyrkjegarden trong utviding, og dessutan av di kyrkja då ville ligga meir sentralt for kyrkjelyden. Den fyrste søknaden vart underskriven av soknet sine heradsstyrerepresentantar, Vrål K. Sandnes og Osuf T. Nordenå, i 1844. Den blei avslegen, og i 1892 fylgde den neste søknaden som Torgeir T. Sandnes, Thomas O. Gakkestad og Daniel H. Uren skreiv under på, men også denne blei avslegen.

I grenda gjekk striden vidare, og så, 14. november 1931, kunne soknerådet sette opp ei kjøpekontrakt med Knut Haugen om eit område på 2010 m² ved Gunnulvshaug. 28. juli 1934 vedtok soknerådet at det skulle opprettas kontrakt med Karl A. Rakkestad om flytting av kyrkja frå Sandnes til Åraksbø, prisen var 3000 kroner. 21. januar 1935 blei det vedteke at flyttinga skulle finne stad så snart Rakkestad kunne ta til med det. Soknerådet hadde då motteke dette telegrammet frå Kyrkjedepartementet:

Oslo, Statstelegram. Sandnes sokneråd v/herr Ketil Gakkestad, Åraksbø. Løyve til flytting av Sandnes kyrkje frå Sandnes til Åraksbø er gjeve i Statsråd den 18. jan. dette år. Nærmare melding sendast i skriv til Agder Stiftsdireksjon.
Kyrkjedepartementet
[2]

Føre isen gjekk på Åraksfjorden vart no kyrkja riven og frakta til Åraksbø, der ho vart reist att. Flyttearbeidet vart einstemmig godkjend av soknerådet og soknepresten Reidar Olav Bolling 6. juni samme år, og 11. oktober vigsla biskop James Maroni henne, assistert av 7 prestar.[3] Under vigslinga møtte ingen frå Frøysnes og Sandnes opp. Seinare sette dei opp eit kapell på den gamle kyrkjetomta (Sandnes kapell). Dette stod ferdig hausten 1940.[4]

Organistar i Sandnes kyrkje

Referanser

  1. Aasmund Eldhuset: Jubileumsskrift: Sandnes kyrkje 150 år 1844–1994, med historisk bakgrunn. s. 29 og 58
  2. Aasmund Eldhuset: Jubileumsskrift: Sandnes kyrkje 150 år 1844–1994, med historisk bakgrunn. s. 34
  3. Aasmund Eldhuset: Jubileumsskrift: Sandnes kyrkje 150 år 1844–1994, med historisk bakgrunn. s. 33–34
  4. Terje Gittmark Eriksen: «Bitter kirkestrid». Artikkel i Fædrelandsvennen Kultur 26. november 2009 side 9.



Bygland komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune
461px-NO 0938 Bygland svg.png
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus