Såvi G. Straume

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 19:49 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Såvi G. Straume
Født: 12. september 1902
Død: 3. juli 1963 (60 år)

Såvi G. Straume (fødd 12. september 1902, død 3. juli 1963) var lærar og bonde i Hylestad. Han var son til Gunnar T. Rysstad og var fødd på Straume. Han var lærar i Treungen skulekrins frå 1923, då han var ferdig med lærarskulen.

Han dreiv garden Lunden på Helle; då han døydde, overtok søstera Gunhild Stubseid garden. Sidan overtok sonen Gunnar Stubseid den etter henne. Han budde her nokre år frå 1974, då han arbeidde i kulturskulen i Valle og Bykle og kom sidan tilbake og busette seg her fast etter å ha blitt pensjonert frå stillinga som rektor på Ole Bull-akademiet på Voss.

Frå 1952 til 1955 var Såvi G. Straume ordførar i Hylestad kommune. I 1956 vart han sjuk og slutta som lærar.

Kjelder


Forgjenger:
 Jon O. Nomeland 
Ordførar i Hylestad
(1952–1959)
Etterfølger:
 Torjus J. Nomeland