Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Rygnestadtunet
Foto: Frode Inge Helland
Rygnestad - kulturlandskap.
Ei restaurert kvern i Rygnestadåni gjennom Flateland.
Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap er eit område på om lag 2000 mål som regjeringa i 2009 peika ut til å takast vare på. Området ligg i Valle kommune og omfattar to dalgrenders gardslandskap med innmark og skog. Jordbruksregionen vert kalla Sør-Norges dal- og fjellbygder og Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap ligg på mellom 450 og 480 meter over havet.

Grendene Rygnestad og Flateland

Grendene Rygnestad og Flateland er sørvende. Dei har godt klima, jorda er god og gir etter forholda rik vegetasjon. Godt bevarte naturbeiter, slåttenger, hagemark og gammal lauvskog pregar området. Den fulldyrka marka er i bruk, men mange av beiteområda er i ferd med å gro att. Det er om lag femten landbrukseigedommar i dette området, men bare fire bruk som driv med beitedyr. Medan det tidlegare var mjølkekyr på fleire av bruka, er det no bare sau og hest. Brukarane nyttar eige areal og leiger det meste av den fulldyrka marka og mykje av den overflatedyrka enga. Bygningane og innmarka på Rygnestadtunet vert forvalta av Setesdalsmuseet. Husmannsplassen Slengen høyrer med til miljøet her.

Elles er det og mange gode eksempel på tradisjonell byggeskikk med fjøs, løe, sommerfjøs, kvernhus, loft, smie og badstu. Ein finn og andre kulturminne som steingjerde, bakkemurar, rydningsrøyser, «rymeveg» og fegate mellom garden og utmarka.

Oppe på fjellet er det registrert jernvinneanlegg. På Flateland finn ein kullgroper og eit stort felt på nærare 50 gravhaugar frå jernalderen. Ei tuft er truleg frå middelalderen eller eldre, noko som vitnar om ein lang tradisjon for busetting i området.

Slåttedag

16. juli 2011 vart det arrangert slåttedag med demonstrasjon og instruksjon i bruk av ljå og oppsett av høystakk. Denne dagen la ein og opp til tur med kjentmann til delar av det utvalde kulturlandskapet. Ånund T. Flateland fortalde om arbeidet med rydding og slått av ei gamal eng, Kåvehagen, på Flateland, og det var slåttegraut til alle deltakarane.

KULA

Frå 2021 er Rygnestad og Flateland også med i det landsomfattande registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) som Riksantikvaren utarbeider.

Kjelder

Eksterne lenker