Ropåsnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. januar 2023 kl. 14:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Senumsundet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ropåsnes ved ein sterkt nedtappa Byglandsfjord 10. november 2018.

Ropåsnes er (ved låg vasstand) eit lite nes som stikk ut i Otra frå vest, noko sør for Vassendøya i Bygland. Ved høg vasstand i Byglandsfjorden blir neset meir som ei lita øy. Grensa mellom Evje og Hornnes og Bygland går midt i elva her. Ropåsnes ligg på Hornnes-sida, på garden Senum sin grunn.

Historie

Fram til 1905, då det vart bygt ein dam litt lenger nede i elva, byrja eigenleg Byglandsfjorden om lag ved Ropåsnes. Straks nedanfor var Surtefossen og alle dei andre fossane og stryka nedover i Evje og Hornnes. Bøndene i Vassend var pålagt å skysse folk over elva her. Skyssen ved Ropåsnes blei seinare flytta til Senumsundet.

Kjelder

Kart

Laster kart...