Reumatrimmen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2018 kl. 00:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde fra Skardefjell)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikten i Grendi er eitt av turmåla i Reumatrimmen.
Rita Flottorp på Skardefjell.
Foto: Geir Daasvatn

Reumatrimmen er eit lågterskel turtilbud frå Setesdal Revmatikerforening. Foreninga har laga ei brosjyre med forslag til 12 tilrettelagte og enkle turar i Evje og Hornnes og Bygland. Turane har varierande lengde med alternative løyper og vanskegrad. Foreninga ønsker å stimulere folk til å ta aktivt del i eiga helse, og at ein gjennom turane skal oppleve mestring i naturen.

Dersom ein fullfører 8 av dei 12 turane i løpet av året, kan ein vere med i trekning om fine premiar. Brosjyren med turforslaga og skjema for å registrere turane kan ein kjøpe for 20 kroner på Intersport Evje, Coop Marked Byglandsfjord eller hos Setesdal Revmatikerforening.

Turforslaga

  1. Skjebbetjønn, Evjemoen
  2. Ærdalsbassenget, Hornnes
  3. Evje natursti/Mineralstien, Evje
  4. Utsikten Landeskogen, Grendi
  5. Skardefjell, Krossen/Hornnes
  6. Horgeknipen, Senum
  7. Kvålsnapen, Bygland
  8. Ørnefjell, Evje
  9. Evje lysløype
  10. Tjovhola, Neset
  11. Damvegen/Gamle jernbanevegen, Byglandsfjord dam
  12. Lisle Fånefjell, Bygland

Kjelder