Ragnar Hovland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar HovlandSymbol unrelated.svg
Ragnar Hovland Bjoernsonfestvalen 2006.jpg
På Bjørnsonfestivalen i 2006.
Foto: Erik Newth
Født: 15. april 1952 (72 år)

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar. Han deltok på Landeskogen Litteraturfest 2015.

Hovland er fødd i Bergen og budde fleire stader på Vestlandet då han vaks opp. Han er dotterson til biskop Ragnvald Indrebø, og far hans, Håkon Hovland, var også prest. Gymnastida hadde han i Stavanger, deretter studerte han engelsk, fransk og litteraturvitskap på Universitetet i Bergen frå 1972 til 1980. I fire år frå 1980 til 1984 var han lektor på Husnes i Sunnhordland, frå 1987 til 1992 var han lærar på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Deretter fekk han base i Oslo, der han i tillegg til forfatterskapen arbeidde som forlagskonsulent i Det Norske Samlaget som har gjeve ut bøkene hans. I tillegg til å vere forfattar er han og musikar, han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.

Eksterne lenker

Eit oversyn over produksjonen hans, som omfatter over 40 bøker, kan ein finne på Wikipedias artikkel om Ragnar Hovland