Prestegarden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. februar 2021 kl. 16:11 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Valle prestegard 27. oktober 2017.

Prestegarden er ein gard (gnr. 42) i Valle like aust for Valle kyrkje. I sør ligg Kyrvestad og i nord Sagneskar. Otra er grensa i vest. Garden har fire bruk.

Historie

På denne staden har det temmeleg visst lege ein gamal gard som heitte Vollr eller noko som likna. Grendenamnet Vaddebø, stadnamnet Vaddarhaugen og soknenamnet Valle minnar om det. At kyrkja er sett opp her, og at garden har gitt namn til heile soknet, tyder på at han har vore sentral og gamal.[1] Sigrid Bø meiner likevel i hovudoppgåva si at garden må vere ein sekundærgard til opphavsgarden i Valle, Viki.[2]

Støylane var ved Optestøyl og Neiretjønn i Finndalen og Epteneset lengst heime. Kvernhuset stod i Vikebekk. [3]

Stadnamn på Prestegarden

I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad to stadnamn frå innmarka og eitt frå utmarka.

Innmark

  • Hagane
  • Skeidet

Utmark

Litteratur

Sjå også

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 380
  2. Sigrid Bø, Landtal, leidang og agrarkrise, hovudoppgåve i historie
  3. Valle IV, side 388