Postludium (program)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. juni 2019 kl. 00:09 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland og Niklos K. Besteland i studio under sendinga tysdag 29.10.2013.

Postludium (program) er eit program i Valle Radio. Det har vore fast på tysdagskveldane klokka 20.30 omtrent sidan vi starta med tysdagssendingar i lokalradioen i 1998.

Programmet er vigd til kyrkjemusikk, helst på orgel, men også med innslag av korsong. Programleiarar er annankvar tysdag den som er ansvarleg for programmet, til å begynne med var det Harald Haugland, sidan overtok Siri Johannessen då han vart pensjonist. Den andre tysdagen er det Niklos K. Besteland som er programleiar. Han har ei stor samling med kyrkjemusikk på LP og CD og stor kunnskap om både orgel og musikk. Han har gjennom åra møtt mange av organistane som er blitt presentert i programmet.

Det har og vore gjester som har valt ut musikken, til dømes Henrik West som har vore med fleire gonger. Bland dei andre er:

  • 13. februar 2018: Arne Rodvelt Olsen i Tønsberg; domkantor, domorganist, salmediktar og komponist.
  • 17. apri 2018: Ivar Mæland, organist, komponist, orgellærar med meir i «eit møte med».
  • 20. november 2018: Bjørn Vidar Ulvedalen, orgellærar og leiar for Orgelskolen i Re som har insporert «Pilegrim i orgelsko», og kantor i «eit møte med».
  • 12.mars: Audun Frode Ringkjøb, organist, tubaist, komponist og kordirigent frå Ringerike.
  • 6. juni: Knut Kirkesæther, m.a. dagleg leiar for Lofoten Kammermusikk-festival.

Kjelder

  • Harald Haugland etter hukommelsen