Pernillefura

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:07 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Pernillefura på Tveitå
Pernillefura før 1959

Pernillefura er eit gamalt og stort furutre som veks på Tveitå (Bygland). Etter at Tveitå der nord vart fråflytta, vart beitemarka tilplanta med skog. I 2011 vart ein del av skogen rundt Pernillefura hogd, slik at ho nå vart synleg att.

Pernille Olavsdotter Tveitå, 1752-1828, kom heim frå støylen ein gong og kunne ikkje finna grautetvora. Så sprang ho hit til denne fura og tok toppen til ny tvore. (Ei tvore vart nytta til å røre rundt i grautgryta).

Og sidan Pernille hadde skore av toppen, så vaks det fram fleire nye toppar. Sidan har fura fått stå i fred og har vorte kjempestor.

Kjelde

Kart

Laster kart...