Per Naas

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Naas
Født: 14. mai 1917
Død: 12. november 2015 (98 år)

Per Naas (fødd 14. mai 1917, død 12. november 2015) var rektor på Bygland landbruksskule midt på 1950-talet. Han var sivilagronom, gift med Marta Naas. Dei hadde ikkje barn. Per Naas vart gravlagd frå Drangedal kyrkje fredag 20. november 2015.

Då Per Naas kom til Bygland, hadde han vore lærar på Gjennestad hagebrukskole i Stokke i Vestfold i seks år. Etter om lag 10 år i Bygland reiste han og kona i 1965 til Etiopia og bygde opp Wondo Gennet landbruksskole om lag 200 km sør for Addis Abeba saman med gode etiopiske og norske medarbeidarar. Mellom anna dyrka dei opp 2200 dekar ny jord. Då skulen var nasjonalisert i 1975, kom dei heim og Naas tok til som rektor på Vinterlandbruksskolen i Oslo, der han var til han vart pensjonist. Då flytta dei til Drangedal, der han kom frå.

Som pensjonist var han aktiv i misjon og kyrkje. Han sat i krinsstyret for Norsk Luthersk Misjonssamband og arbeidde mykje med lokalhistorie som han presenterte i eit lokalhistorisk årsskrift for Drangedal. Medan han var på Bygland, bygde han opp sitt eige lokalhistoriske arkiv med ljosbilete. Dette fekk Bygland bygdekvinnelag overta. Han kjøpte og ein eigedom på Skomedal der han budde når han kom på Setesdalsbesøk. Han var og med i Bygland kommunestyre 1955-1959

Kjelder